Samanslåinga av dei to selskapa vart gjort kjend på ein pressekonferanse på Sjøholt. Der kom det fram at selskapa har snakka om ei samanslåing i eit års tid.

Namnet på det nye selskapet vert Entec, men Brimer og ServiTech held fram som heileigde dotterselskap.

Sikkerheit for framtida

Produksjonen på Kvamsøya og Sjøholt skal vidareførast som i dag, forsikrar leiinga i selskapa i samband med samanslåinga.

– Selskapa skal halde fram med eksisterande produksjon som tidlegare, og på allmøtet mellom dei tilsette på Kvamsøya uttrykte eg at dette er noko som faktisk er med å tryggjar arbeidsplassane, seier dagleg leiar Håvard Haanes i Brimer.

Han går dessutan inn i rolla som konsernsjef for morselskapet Entech.

– Der kjem ServiTech inn

– Sagt litt enkelt er våre tankar utstyrte med flensar for vidare påkopling av røyr og ventilar. Det er bokstaveleg tala her ServiTech kjem inn. Resultatet er eit selskap som kan tilby komplette pakkar, dei beste løysingane for eksisterande og nye kundar, seier Haanes til Vestlandsnytt-

Sist fredag vart formalitetane unnagjorde, og som fører til at aksjane i dei to selskapa har gått inn det nye selskapet Entec Group AS.

Kan bli fleire med på laget...

Byteforholdet på aksjane er rundt 50/50, noko som inneber at dei som eigde til dømes 20 prosent av eitt av selskapa, no eig 10 prosent.

Haanes ser heller ikkje vekk ifrå at det kan kome fleire «sysken» med i det nye konsernet etter kvart. Inntil vidare vil Entec ha nærare 100 tilsette, og med ei omsetting i 2018 på vel 150 mill. kr.

Styreleiar Jogeir Romestrand seier i høve samanslåinga at det ligg bak eit ønskje om å byggje ein endå større aktør.

– Særleg ser ein potensialet innan fiskeri og industri, landbasert oppdrett, entreprisar for vass- og avløpsbehandling samt maritime røyrinstallasjonar.

ServiTech si kjerneverksemd er innan maritime røyrinstallasjonar for kundar hovudsakleg frå verftsklynga på Sunnmøre. Dagleg leiar i ServiTech AS, Kenneth Langvatn, seier i ei pressemelding til at selskapet har ein solid posisjon innan kommunalteknikk med sine komplette løysingar for vassbehandling og avløpsreinsing.

Støylen: – Ein endå betre samarbeidspartnar i prosjekta

Brimer er ein av landets leiande produsentar av kar og tankar i komposittmaterialar. Brimer har gjennom 40 år vore i sving med stadig nyutvikling og innovasjon sidan 80-talet. Grunnleggjar av Brimer, Jarle Støylen, er trygg på at han snakkar for alle aksjonærane i Brimer når han seier:

– Eg er glad for at vi no kan få tilby Brimer sine kundar både innanfor både vassforsyning, landbasert oppdrett, industri og fiskeri ei breiare produktportefølje og vere ein endå betre samarbeidspartnar i kundane sine prosjekt framover.

Hovudkontoret for Entec Group vil ligge i Ulsteinvik. Det vil lilkevel framleis vere eigne salsavdelingar både på Sjøholt og Kvamsøya, som begge no kan selje langt meir komplette pakkar. Selskapa kjem dessutan til å få behov for endå fleire tilsette i tida som kjem. Brimer AS har rundt 60 tilsette.