Robin og Petter rodde inn 800.000 kr til Kreftforeningen:

– Ei eventyrleg reise!

I fjor sykla dei inn 1 million. I år rodde dei frå Trondheim til Ålesund og fekk inn 800.000 kr.

Vi har møtt massevis av flotte folk

Petter Gunnarstein
Nyhende

Fredag stod 300 jublande menneske på kaia i Ålesund og tok imot Robin Halsebakk og Petter Gunnarstein då dei nådde målet. Sentrumsforeininga hadde laga til med stor fest for dei to karane.

– Eg vil takke alle involverte som har bidrege til at prosjektet vart ein suksess. Ikkje minst ynskjer vi å takke alle gjevarane, seier Petter Gunnarstein etter årets innsamlingsstunt.

På siste strekket til Ålesund hadde dei selskap av Kurt Myrvang, som sjølv har vore råka av kreft. Myrvang var ein av fleire gjesteroarar som bidrog nedover langs kysten.

«Ronja Hope», åfjordbåten som har vore framkomstmiddel på turen, låg i går ettermidag an til å bli selt for nær 200.000 kroner, og desse pengane blir ein del av summen på 800.000 kr som no går til Kreftforeningen.

– Eg vil seie det har vore ei eventyrleg reise, der vi har møtt massevis av flotte folk som har heia oss fram og lagt til rette for oss reint praktisk med mat, overnatting og mykje anna, seier Gunnarstein.

Ein av gjesteroarane som krydra turen var Kjell «Kjellen» Bigseth, som sette sitt preg på ein tøff etappe frå Midsund til Brattvåg. Utfordrande forhold har nemleg også vore ein del av turen. Siste strekket frå Brattvåg til Ålesund gjekk i eit strålande solskin, og med ein fin nordaust i ryggen.

På kaia i Ålesund stod også helseminister Bent Høie, som også heldt ein appell under den påfylgjande seansen i eit partytelt. Her var det diska opp med lekre sjømatrettar, og slekt og venner av roarane fekk høyre både gode historier og fin song. Maria Holand Tøsse varta opp med song undervegs, jamvel ein duett med Petter Gunnarstein der «halve Ålesund» truleg høyrde tonane.

– Mottakinga var aldeles strålande. Ikkje berre på land, men også på sjøen, der padlarar frå den lokale kajakklubben var med oss, og vi vart møtte både av redningsskøyta og brannsprøyta, fortel ein takksam og rørt Petter Gunnarstein.

– Blir det meir neste år?

– Det veit vi ikkje. No har vi gjort det to gongar, og vert det meir, blir det fort ein forpliktande tradisjon. Men ein veit no aldri, seier kvamsøyingen. Gunnarstein nyttar høvet til å sende ei takk også til Sølvtrans, arbeidsgjevaren som gav karane fri, med tid og høve til å gjennomføre årets stunt.