Hadde kontroll av tohjulingar i Fosnavåg:

– Dette var skremmande

Politiet og vegvesenet er ikkje begeistra etter ein kontroll på tohjulingar i Fosnavåg på onsdag førre veke.

illustrasjon: Foto: Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

Onsdag førre veke hadde politiet og Statens vegvesen kontroll i området kring Fosnavåg. Målet vare å sjekke tohjulingar. Resultatet frå kontrollenskremmer både vegvesenet og politiet.

– Vi stoppa og kontrollerte 10 mopedar. Av dei var det 7 som hadde store manglar. Det mest alvorlege tilfellet var ein mopedførar som køyrde over 100 km/t utan bremser framme og svært nedslitne bremser bake. Dette var skremmande, seier Frode Halse Digernes, seksjonsleiar for vakt og beredskap på Søre Sunnmøre til Vestlandsnytt.

Han fortel at det blei både bøter og førarkortbeslag etter kontrollen.

Foreldre må ta ansvar

Digernes håper dette blir ei varsellampe for alle foreldre.

– Foreldre må ta ansvar for kva ungdomen køyrer rundt på. For det fyrste er det direkte livsfarleg for ungdom og ikkje minst for andre i trafikken. Om det skulle gå gale kan det også få store økonomiske konsekvensar for familien. Dette må det bli slutt på, avsluttar han.