– Dette er så spennande! Eg har gått inn i dette med heile hjartet, og eg legg verkeleg sjela mi i matlaginga. Eg vil har folk skal kome inn her og smile, og at dei skal ønskje å kome tilbake når dei fer.

Det er fredag føremiddag, og Marcelina og fire av hennar tilsette er i full sving med å klargjere dei siste førebuingane før den store opningsdagen.

– Eg har alltid drøymt om å drive noko for meg sjølv. Ein morgon vakna eg og tenkte at eg ville starte ein restaurant. Ei venninne, som er coach, sa at eg måtte følgje draumen min. Det er det eg gjer no, smiler Marcelina.

Ho kom til Noreg frå Polen for seks år sidan. Etter ei tid Molde, flytta ho til Herøy saman med mannen sin. Dei to har tre barn på høvesvis åtte, to, og eitt år. Inntil nyleg jobba Marcelina for Sandanger AS i Gjerdsvika.

«Crispy chicken»

Som namnet tilseier, vil My Marcelin Best Chicken først og fremst servere kylling.

– Det er fordi eg sjølv elskar kylling. Men det er spesielt ein type kylling, som eg ikkje har funne nokon annan plass i nærleiken: «crispy chicken», heimelaga på den amerikanske måten. Den vert laga til i ein spesiell luftfrityrkokar, som gjer at oljen ikkje trekkjer inn i kyllingen. Då vert resultatet mykje sunnare enn ved vanleg frityrkoking, informerer Marcelina.

Den crispy kyllingen vert gjerne servert med heimelaga chips og saus.

På menyen står også eit par supper, ein meir tradisjonell middagsrett (også med kylling), og diverse kaker og polske vaflar med frukt og bær.

– Ein av dei tilsette er veldig god på kaker. Difor bakar vi også på bestilling. Og vi held gjerne barneselskap her, informerer Marcelina.

Ho ønskjer elles at den nye spissplassen, som ikkje har alkoholservering, skal vere ein stad for venner og familie. Som småbarnsmor veit ho elles at å dra med dei yngste på restaurant ikkje alltid er like lett.

– Difor har eg laga til ein leikekrok til barna, der dei kan styre seg medan dei ventar på maten, seier Marcelina.

Ho tilbyr også takeaway.

– Etter kvart skal vi i tillegg starte med å bringe mat heim til folk. Eg må berre skaffe ein firmabil først.

Snakkar norsk

Alle dei tilsette ved restauranten har erfaring frå serveringsyrke og snakkar norsk. Dei står klare til å ta imot kundar kvar dag, også søndag.