Knappe fem månadar etter at booking- og aktivitetsbyrået Explore Fosnavaag såg dagens lys, er dei klare med sitt største prosjekt så langt: Aktivitetshelg i Fosnavåg. «Alle» moglege aktørar er med.

– Vi kom på ideen rett før fellesferien, og tok kontakt med dei aktuelle aktørane i nærmiljøet, seier dagleg leiar Marvin Kopperstad.

Alle sa ja.

– Det viser at der er stort engasjement og positivitet for at ting skjer i nærmiljøet.

Rebusløp og langope

Fredag og laurdag kan du mellom anna vere med på rebusløp i Fosnavåg sentrum.

– Då kan ein leite etter bokstavar i dei ulike butikkane og setje dei saman til eit ord, informerer Maria Sporstøl Leine i Fosnavåg handelsforeining.

– Alle som deltek får premie. I tillegg trekkjer vi ein vinnar av ein hovudpremie, som er eit gåvekort på 500 kroner frå Ringo, seier ho.

Butikkane skal dessutan ha langope både fredag og laurdag, og det vert fleire aktivitetar og stands i sentrum.

– Laurdag får vi besøk av brannbil og sjukebil i sentrum (med forbehold om dei ikkje må på utrykking). Ved fontena vert det underhaldning av kulturskulen med elevar, søndagsskulen skal ha stand, og Edith, Ira og Anita skal stille ut brukskunst på Fosnavåg Brygge, seier Maria, og legg til:

– Vi oppmodar også alle lag og organisasjonar til å bidra med til dømes sal av lodd, vaflar og andre ting som er med på å skape aktivitet..

Lågterskeltrening og lett moro

HerøyLAN arrangerer bumperball i parken både laurdag og søndag.

Fredag ettermiddag kan du bli med på utetrening med Nina Gjerde som instruktør.

– Det er ei lågterskel-treningsøkt som passar for alle aldersgrupper. Treninga startar med ein tur frå hotellet til Havila Stadion, før ein går opp brattebakken på Heid, og ned igjen til Parken i sentrum. Der vert der kondisjonstrening, styrke og uttøying, seier Marvin Kopperstad.

Fjellturar og byløp

Det vert elles arrangert fleire guida fjellturar både fredag (Igesundfjellet), laurdag (varm kveldsmat med quiz i gapahuken på Tverrfjellet) og søndag (Runde).

Laurdag går dessutan Byløpet av stabelen, i regi av Intersport Fosnavåg. Dei arrangerer også eige sentrumsløp for barna.

Rib, kajakk og sunnmørsjekt

Fredag og laurdag kan folk bli med den kjende historiske Sunnmørsjekta Anna Olava på tur frå Fosnavåg, via den gamle handelsstaden på Flåvær, og vidare til vårfjøsen i Skorpesundet, som vart mykje nytta under andre verdskrig.

Frå Fosnavåg vert det dessutan arrangert rib-turar heile helga.

Om ein likar det litt «rolegare», kan ein kanskje heller melde seg på den to timar lange guida kajakkturen laurdag kveld.

Parallelle arrangement

Søndag skjer det mykje på ein gong.

– Mellom anna arrangerer Runde miljøsenter skattejakt for barn. Ein kan også bli med på guida omvising inne på senteret med film og lunsj. Etterpå vert det sett opp både fjelltur på Rundefjellet og båttur med «Rundø» rundt fuglefjellet. Etter turane kan ein ete fiskesuppe på miljøsenteret, seier Kopperstad.

Parallelt med aktivitetane på Runde, vert det eigne opplegg på og rundt Herøy gard.

– Valldal naturopplevingar arrangerer kajakktur frå hotellet til Herøy gard. Dit kan ein også kome seg med sunnmørsjekta Anna Olava, som går frå Fosnavåg, via den gamle handelsstaden på Flåvær, seier Kopperstad.

På Herøy Gard ventar «Gode Greier» med food-trucken sin.

Bingo, bobler og musikk

I høve aktivitetshelga, arrangerer Thon Hotel Fosnavåg ønskereprise av «Bingo og Bobler» med Signe Stunden laurdag kveld.

Seinare på kvelden spelar trubadur Ole Martin Iversen i lobbyen på hotellet.

Gler seg

Marvin Kopperstad seier han har store forventingar til aktivitetshelga.

– Eg håper at det kjem masse folk, og at mange melder seg på aktivitetane. Vi håper at dette vil trekkje til seg tilreisande, men vi treng lokalbefolkninga også, seier han.

Du kan finne meir info om aktivitetshelga i Fosnavåg på Explore Fosnavaag si Facebook- side.