Byløpet går av stabelen laurdag 8. september, og er del av ei innhaldsrik aktivitetshelg i regi av Explore Fosnavåg (du kan lese meir om denne i neste avis).

– Vi har oppmøte på paviljongen, der det vert registrering og utdeling av startskilt. Vi byrjar med dei aller yngste, som får springe ei runde i sentrum. Dei vert delte inn i tre aldersgrupper på høvesvis 1–6 år, 7–11 år, og 12–16 år, seier Jan Erik Myrseth i Intersport Fosnavåg, som står bak Byløpet.

Frå 14 år kan ein elles delta i hovudløpet, som går frå sentrum og opp til toppen av Hornseten, ei rute på om lag tre kilometer.

Ulike klasser

Ein kan velje om ein vil delta i mosjonsklassa eller eliteklassa.

– Dei som spring elite er med å konkurrere om gode premiar. Sparebanken Møre er med som samarbeidspartnar og står for førstepremien i både dame- og herreklassa: ein pengesum på 2500 kroner, seier Myrseth.

Andre- og tredjeplassane får gåvekort frå Intersport Fosnavåg på ein verdi av høvesvis 750 og 500 kroner.

– Verto og Romega bidreg og med premiar, seier Myrseth.

– Ein felles helsedugnad

– Mosjonsklassa er ein slags fellesdugnad for helsa. Det skal vere låg terskel for å melde seg på, og sjølv om det er 14-årsgrense for å delta, må ein gjerne ta med seg barn på turen. Mosjonsklassa spring ein halvtime før eliteklassa. Då vert det litt publikum og action der oppe til elite-deltakarne kjem, smiler Myrseth.

Oppmodar folk til å delta

Etter løpet går deltakarane ned igjen til sentrum, der Meny Fosnavåg ventar med gratis pølser og drikke til dei som vil ha.

– Aktiv trening Fosnavåg gir dessutan vekk stringbag og drikkeflaske til alle deltakarane, seier Myrseth.

Både han og Eldar Lillerovde set pris på samarbeidet med Explore Fosnavåg. Dei håper sjølvsagt at flest mogleg vil melde seg på byløpet og dei andre aktivitetane under aktivitetshelga.

– Vi er så mykje i aktivitet og på fjellet elles, så vi kan iallfall bli med no når det vert skapt noko nytt – så engasjerer vi oss saman, seier Lillerovde.

Løypa: Med unntak av ei lita omlegging på grunn av vegarbeidet med Skarabakken, vert ruta den same som i fjor. Foto: Google kartdata, 2017 Foto: Google kartdata, 2017