– Når du spør folk andre plassar i verda om kva dei ønskjer seg, svarer dei ting som mat, kle, ei seng å ligge i, og god økonomi. I Vesten er det annleis. Undersøkingar viser at det folk vil ha her er ro i sjela og glede i kvardagen.

Det seier mindfulness-instruktør Linda Elin Aase ved Bergens Stressmeistrinssenter. Neste helg kjem ho til Fosnavåg for å lære folk korleis dei kan roe ned for å leve eit betre liv.

Mentalt stress

Stress er oftast mentalt.

– Vi grublar over noko som har skjedd i fortida, og som vi ikkje klarer å bli ferdige med – eller vi uroar oss for noko i framtida. Dei kjenslene er heilt vesentlege for kroppen sine fysiske reaksjonar, seier Aase.

Verdas helseorganisasjon har rangert stress som det 3. største helseproblemet i verda.

– Folk går til legen med plager i form av angst, søvnvanskar, depresjon, utmatting, muskel- og skjelett-plager. Vi ser ein auke av problema også hos ungdom. Forventningspress gjer at dei ikkje får ro, fordi dei aldri er «gode nok», seier Aase.

Handlar om å roe ned

I kursa lærer instruktøren deltakarane korleis dei kan bruke pusten sin som verktøy for å roe ned i ein travel kvardag.

– Det er ei form for trening på bevisstheit og nærvere. Når ein vert stressa, vert det sett i gang ein kjemisk reaksjon i hjernen. For å slå av den reaksjonen, må vi roe ned nervesystemet. Det kan vi mellom anna gjere ved å observere pusten, bli bevisst tankar, kjensler og fysiske fornemmingar i kroppen vår, seier Aase.

Auka fokus på psykisk helse

I Noreg vert det i stadig større grad sett fokus på psykisk helse.

– Vi kjem til å sjå meir og meir av denne måten å jobbe på, seier Aase.

Sakna kurs i Fosnavåg

Det er Winnie Støylen frå Leikong som har teke initiativ til stressmeistringskurset i Fosnavåg. Ho har, gjennom sitt firma Mewinn Coaching, arrangert eit tilsvarande kurs i Ulsteinvik tidlegare.

– Så trefte eg nokon på bedriftsmessa i Fosnavåg som sa at dei skulle ønske dei hadde vore der. Då tenkte eg at vi kunne kome ut hit, seier ho.