Måndag og tysdag denne veka reiste Arctic Nutrition AS rundt på sunnmøre med ei gladnyheit. Gründerverksemda i Hovdebygda har nemleg vorte tatt opp som medlem i Legemiddelindustrien (LMI), bransjeforeininga for legemiddelindustrien i Noreg.

– Vi har no rykt opp ein divisjon og tek no del i ein organisasjon som kan fremje våre interesser. Fyrst og fremst ser vi dette som eit kvalitetsstempel og viktig anerkjenning for den jobben som er gjort med forsking og utvikling så langt, seier administrerande direktør i Arctic Nutrition, Ole Arne Eiksund.

Vi møtte dei tilsette i bedrifta på Runde-miljøsenter saman med representantar for LMI, miljøsenteret og forskingsrådet. Her var dei for å promotere deira medisin-råstoff, silderogn og tilgangen til den.

Psoriasis medisin

Vestlandsnytt har tidlegare omtala bedrifta i høve deira lansering av det som potensielt kan vere eit revolusjonerande legemiddel. Bedrifta meiner å ha laga eit naturleg produkt av silderognekstrakt som kurerar hudsjukdommen psoriasis. Målet er å få marknadsføringsløyve som legemiddel innan 2021. Bedrifta har allereie brukt fleire år og store ressursar på dette. I korta ligg også ein legemiddelfabrikk til 150 millionar kroner, kanskje i Hovdebygda då bedrifta har som visjon å satse lokalt. Ei slik satsing vil naturlegvis kunne bety mykje for regionen.

– Vi har funne ut at silderogn har ein unik betennelseshemmande effekt. Dette er revolusjonerande med tanke på autoimmune sjukdommar, forklarer gründeren bak bedrifta, Hogne Hallaråker, som elles har morsida si på Moltustranda.

Medisinen har fått namnet Psorax35 og er i desse dagar gjenstand for eit omfattande forskingsprosjekt i Bergen. Hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus gjennomfører no ein klinisk studie under leiing av seksjonsoverlege Kåre Steinar Tveit. Prosjektet skal seie noko om effekten av produktet.

– Om forskinga gir positive resultat, noko vi har stor tru på, vil vi starte eit program med kliniske studiar for å skaffe fram nok dokumentasjon til å søke godkjenning som legemiddel i EU og USA, forklarar Eiksund.

Den neste fasen vil eventuelt innebere utprøving på 400–500 pasientar i fleire land.

Bekkemellem roser bedrifta

Administrerande direktør Karita Bekkemellem i Legemiddelindustrien er full av lovord om bioteknologi-selskapet. Ho er imponert over gründermentaliteten til bedrifta.

– Eg meiner dette nybrotsarbeidet som Arctic Nutrition driv med har mykje for seg. Fyrst og fremst er det svært spennande at dei no prøver å få legemiddelstatus på sin psoriasis-medisin, men dette trur eg berre er starten. Viss selskapet lykkast, noko eg har stor tru på, snakkar vi om ei eventyrleg reise, seier Bekkemellem engasjert.

Ho rosar spesielt bedrifta for å bruke det som elles er eit biprodukt frå sildefiske, og ikkje minst deira visjon om å nytte lokal kunnskap og produksjon.

Forskingsrådet er positive

Ein annan som var med gründerane til Runde på måndag var Arthur Almestad frå Norges forskingsråd. Forskingsrådet har allereie bidratt med ressursar og har god tru på det arbeidet som Arctic Nutrition driv med.

– Vi stiller oss svært positivet til denne type forskingsbasert gründerverksemd. Det arbeidet som dei driv med er svært spennande, og det er eit løft for heile den biomarine-næringa, fortel Almestad.