Det seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft AS.

Fredag fekk Vestlandsnytt vere med på presentasjonen av den nye logoen. Det er selskapet Tegneren AS frå Ulstein står bak utforminga.

Bakgrunnen til at hjørnesteinsverksemda i Sande får logo skulle vere godt kjend. Myklebust Verft er ikkje lenger ein del av Kleven-systemet, etter at dei to verfta skilde lag tidlegare i sommar. Rettane til Kleven-profilen er det Kleven Verft som tek med vidare.

I logoen – enkelt og stilfullt utforma – finn vi naturleg nok både ein M og ein V. I tillegg kan det vere rom for mange tolkingar, i fylgje Therese Myrene i Tegneren AS:

Nokre nøkkelord

– Det er eit sterkt ikon med enkelt og moderne uttrykk. Saman med oppdragsgjevar har vi kome fram til nokre nøkkelord som fortel om profilen og selskapet, seier Therese Myrene til Vestlandsnytt.

Mellom nøkkelorda finn vi «framfart», då logoen kan minne om straumvirvlar i vatnet etter eit fartøy. Samhandling er også sentralt, då bokstavane «VI» er tydelege . Også det engelske ordet «Victory», der ein handforma «V» kan symbolisere både siger og fred.

Dessutan kan logoen minne om ei ugle, som står for klokskap og visdom.

– Vi er veldig godt nøgde med samarbeidet med Tegneren, der resultatet er eit godt og kortreist resultat. No vil vi snart heise det nye flagget her på verftet. Nyeprofilen skal etter kvart på plass i flytedokka, på arbeidstøy, hjelmar og mykje anna her på verftet.

– For oss i Tegneren har det vore eit svært interessant oppdrag, og vi håpar og trur resultatet er godt. Det er kjekt med slike gode tilbakemeldingar allereie no, kvitterer Therese Myrene.

Myklebust Verft har i samband med profilendringa og utskillinga som eige selskap også etablert ei ny heimeside.