Kvar dag svarar Kirkens SOS rundt 500 personar som har det vanskeleg. På grunn av det store trykket er det faktisk ein av tre som ikkje får svar på fyrste forsøk. I oktober har Kirkens SOS i Møre og Romsdal derfor bestemt seg for å opprette ei ny vaktavdeling. Den skal vere plassert i Myrvåg.

– I fyrste omgang skal denne avdelinga betene SOS-chat, ein nettbasert teneste der den største brukargruppa er ungdom under 20 år, opplyser dagleg leiar for Kirkens SOS Møre og Romsdal, Hilde Lillestøl, til Vestlandsnytt.

Tenesta har vore etablert i fylket i snart 40 år med vaktavdeling fyrst i Ålesund og seinare i Molde. No etablerast altså tenesta også i Myrvåg.

Frivillige folk som lyttar

Visjonen til Kirkens SOS er å vere til stade for folk som har det vanskeleg. Dei har særskild fokus på å førebyggje sjølvmord. Tenesta er bemanna av frivillige medarbeidarar som gjennom opplæring blir utrusta som samtalepartnarar. I alt engasjerer Kirkens SOS 90 medmenneske i fylket.

– Den som kontaktar krisetenesta skal møte eit medmenneske som viser respekt, lyttar og gir positiv merksemd. Vi lærar vanlege folk opp til å bli gode lyttarar og korleis ein skal møte menneske i krise. Frivillige må vere over 20 år, ha orden på livet, og kunne bruke 10 timar kvar månad på chatte med nokon som treng å fortelje om korleis dei har det.

Vil bli meir tilgjengeleg

Med den nye vaktavdelinga i Myrvåg håpar Kirkens SOS å auke tilgjengelegheita gjennom rekruttering av fleire frivillige i regionen.

– Målet med utvidinga er å kunne svare på enda fleire meldingar frå barn og unge som strevar. Vi startar kurs for nye frivillige i september. Saman med dei erfarne tilsette blir dette eit viktig tilskot til tenesta. Moglegheita for å kunne vere til stades for eit anna menneske som har det vanskeleg, er noko av finaste man kan bruke fritida si til, seier Lillestøl.

Ho håper at mange frå Søre Sunnmøre vil melde interesse for å bli med på kurs i haust.