Det seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft AS.

Dei to plug-in-hybrid-ferjene som er under bygging for Fosen Namsos Sjø skal begge leverast utpå seinhausten i år. Deretter er det tomt i ordreboka, i alle fall kva angår nybygg.

Sju båtar på under eit år

– Det skjer etter ein svært hektisk og aktiv periode her på verftet, der vi har levert sju fartøy på under eit år. Det har lege litt i korta at det vert eit «hol» etter dei to ferjene, det vil nok påverke sysselsettingssituasjonen ein periode, varslar Hide.

Myklebust Verft har bygt brønnbåtar, ein slaktebåt og ei rekkje trålarar dei siste par åra, før ein tok laust på jobben med dei to ferjene som skal til Trøndelag.

– Det har vore eit knallhardt år der alle involverte har stått på, men i denne bransjen svingar det som kjent ein del, legg Hide til. Han håpar og trur verftet om ikkje lenge vil lande nye oppdrag med nybygg, utan at han kan seie noko meir konkret om den saka.

Samarbeid med Kleven

No har verftet som kjent blitt skilt som eiga eining etter at partnarskapen med Kleven-konsernet tidlegare i år tok slutt. Ny profil er på plass, og nok ein gong er verftet på Vågsneset sjølvstendig eining, 17 år etter at dei vart ein del av Kleven-systemet.

– Vi kjem framleis til å ha eit samabeid med Kleven Verft, der vi kjøper enkelte tenester med kvarandre, seier Hide til Vestlandsnytt.

Mellom anna vert det samarbeid innan HR, IKT og løn, opplyser han. Og Kleven vil bruke flytedokka i Gursken når dei har behov for det.

– Vi er to verftseiningar no, men det er framleis ein god tone mellom selskapa, legg Hide til.

– Det vi kan seie er positivt med «holet» som oppstår i kjølvatnet etter ferjene, er at vi får langt betre kapasitet på ettermarknaden. Det blir naturleg nok ei auka satsing i dette segmentet før vi landar større prosjekt og kan kome igang med desse, seier verftssjefen.

Myklebust Verft har i dag rundt 120 fast tilsette, etter at det var oppe i over 150 ein periode. I periodane med stor arbeidsmengde har det vore langt over tusen arbeidarar i sving på verftet, ein stor underskog av underleverandørar og andre som jobbar innafor ei rekkje fagfelt på fartøya som er under utrusting.

Nytt styre

Eigarane i Myklebust Verft er dei same som etter restruktureringa i fjor. Nyleg vart det valt nytt styre, med Per-Christian Kroepelien Lillebø frå Cortex AS som styreleiar. Dei andre i styret er Lars Conradi Andersen (Inyard Invest, Åge Remøy med familie, red mrk.), Kjersti Kleven (John Kleven AS), Martin Karset (Silc Bidco AS/Hurtigruten), Anne Kjølseth Ekerholt (Lürssen-Internaval), og tilsetterepresentantane Dennis Hansen og Håvard Gurskevik.

I tillegg er selskapa Silc Holdings, Strawberry Equities og H-Invest inne på eigarsida, samt nokre mindre aksjonærar.

Det høyrer med i bildet at Myklebust Verft i 2017 fekk 77 millionar kroner i underskot.