Dei fyrste 15 minutta av fredagens toppoppgjer mellom Bergsøy og AaFK2 på Havila stadion Fosnavåg starta bra for heimelaget. Dei sparka godt i frå seg mot eit defansivt sterkt bortelag. Bergsøy glimta også til med nokre sjansar, takka vere blant anna Martin Søvik Røren som viste storform.

– Fyrste del av kampen meiner eg vi har god kontroll, men dei neste 30 minutta dett vi saman, seier Toni Sandanger.

Inn på bana for bortelaget kom då spelar nummer 14, Pape Habib Gueye, og sette ballen i mål i det klokka viste 32 minutt. Toppscoraren sørga også for å få eit til psykologisk viktig mål berre eit minutt før pause, og sende dermed AaFK inn i 2-0 leiing før pause.

I andreomgang flaut det betre for Bergsøy, i alle fall fram til det som kan omtalast som nådestøyten frå AaFK2 i det 68. minuttet. Gueye sette då sitt tredje mål for kampen.

–  Pape Habib Gueye skapar skikkeleg trøbbel for oss og med det tredje målet får vi oss ein knekk. Det straffar seg mot gode fotballspelarar.

Som om ikkje hat-tricken svei nok, scora også AaFK2 på ei straffe til slutt. Kampen enda dermed 4-0 til bortelaget.

– Irriterande

Det var naturlegvis ein litt oppgitt Bergsøy-trenar Vestlandsnytt møtte etter kampen.

– Dette var eit lite slag i trynet. Det er irriterande å tape med fire mål, det er i overkant mykje. Kampen var generelt jamspelt og det var som sagt ein spelar som utgjorde den store forskjellen her, seier Toni Sandanger, som framleis er ved godt mot framfor den komande hausten.

AaFK2 sin trenar Remi Natvik hadde dette å seie om kampen.

– I utgangspunktet er det ein tett kamp som bølgar litt fram og tilbake. Likevel er det vi som får dei viktige måla, spesielt mål nummer to var viktig for kampen, forklarar Natvik.

Han skryt også av Gueye for å ha vist knallgodt fotballspel i dagens kamp.

Volda neste

Den neste kampen for Bergsøy er mot Volda på bortebane. Volda ligg no på fjerdeplass på tabellen.