Slik har altså folk reagert på Willy Solvang si melding om at han gir seg i Rema 1000. Klemmane er delvis for å takke for servicen han har ytt gjennom sine fire år som kjøpmann ved butikken. Kanskje signaliserer dei også eit «gratulerer med ny jobb». I september skal Willy nemleg starte eit nytt kapittel i kokkekarrieren – som han ikkje har vore borti før...

Gjekk på ein smell

Men det var ikkje den nye jobben (vi skal kome tilbake til den snart) som gjorde at Willy trekte seg frå stillinga som dagleg leiar ved Rema 1000 Fosnavåg. Det var familien.

– Eg hadde veldig mykje dårleg samvit. Eg har fire barn på høvesvis 5, 7, 12 og 14 år. Når eg først var heime og skulle vere med dei, var eg så sliten at eg berre hadde lyst til å leggje meg og sove. Samtidig hadde eg dårleg samvit for at eg ikkje var i butikken. Slik skal det ikkje vere, seier han.

Kjøpmannen har mildt sagt vore mykje på jobb dei siste fire åra. Til påske tikka det dessutan inn nokre sjukemeldingar. Etter det innsåg Willy at nok var nok.

– Det vart så travelt at eg jobba døgnet rundt, og eg gjekk på ein smell, seier han.

Der var også ein annan viktig faktor:

– Eg hadde kort fortalt ikkje råd til å halde fram. Barna vert eldre, dei treng ting. Det kan vere greitt å klare å betale rekningane.

Men Willy sa sjølvsagt ikkje opp stillinga før han hadde noko nytt å gå til ...

Inn i hotell- og restaurantkjede

– Når månaden er omme går eg tilbake til kokkeyrket. Eg skal lage nye matkonsept og menyar på Moxy-hotell. I tillegg skal eg trene og følgje opp kokkane i den nye restaurantkjeda «GåRD Nordic Kitchen», fortel Willy.

Han har, frå før Rema-jobben, lang fartstid innan kokkeyrket, og er eit kjent namn i bransjen.

GåRD-restaurantane er eit heilt nytt konsept, som vert å finne på ei rekkje Courtyard- og Moxy by Marriott-hotell i Europa.

Menyane skal bestå av skandinavisk, sesongbasert mat, i tillegg til klassiske skandinaviske rettar, som svenske kjøttbollar og norske kjøtkaker.

– Det vert både morosamt og litt utfordrande å prøve å fortelje nokre greske kokkar korleis dei skal lage skandinavisk mat. Det kjem ikkje til å bli enkelt alle tider, humrar Willy.

Ein av dei som kan kome til å nyte Willy sin oppskrift i haust, er tidlegare USA-president Barack Obama. Han skal nemleg snakke på Oslo Business Forum, som vert arrangert på X Meeting Point på Moxy i Oslo, 26. september.

– X Meeting point er rekna som den gjevaste kurs- og konferanse-plassen i Norge og kan rome opp til 4000 personar. Då skal du produsere litt mat, seier Willy.

Meir tid til barna

Trass i at den nye jobben inneber mange reisedøgn, ventar Willy at han får mykje meir tid med familien enn han har hatt dei siste fire åra.

– På jamna kjem eg til å vere vekke om lag halve veka, men når eg er heime, er eg verkeleg heime. Det skal bli deilig å ha fri i helgane, så eg kan vere med på fotballkampar og slikt med godt samvit, seier Willy.

Den nye kjøpmannen

Ny kjøpmann ved Rema 1000 Fosnavåg vert Cato Sigvartsen frå Molde, som har flytta til Herøy frå Bergen. Han tiltrer i stillinga 1. september.