– Som fylkets største bank er vi genuint opptekne av å utvikle næringslivet her i Møre og Romsdal. Gjennom nyskapingsstipendet NÆRINGSTEFT ønskjer vi å lyfte fram talent med næringsteft, som på sikt kan bidra med å skape arbeidsplassar og fremme utvikling i vårt fylke.

Det seier Kjell Brudevoll, banksjef for næringsliv Søre Sunnmøre i Sparebanken Møre i ei pressemelding.

I førre runde gjekk heile sju Herøy-gründerar vidare i første runde av konkurransen, der det var totalt 200 påmelde. Tre av dei – Fostech AS, Are Pilskog AS og Green Cycle AS gjekk dessutan vidare til semifinalen med ti semifinalistar.

Konseptet

NÆRINGSTEFT er eit gründerstipend for enkeltpersonar og små og mellomstore bedrifter med tilknyting til Møre og Romsdal. Gründerane må ha ein god forretningsidé, og hovudpremien på éin million kroner må utgjere ein forskjell.

– Vi veit kor viktig det er å få dragehjelp når ein er i startgropa, og vi oppmodar alle som vil satse på sin forretningsidé til å søkje. Fjorårets deltakarar har lyfta fram kompetansereisa som svært verdifull for utvikling av eigen idé, og vi har vidareutvikla denne i år. Målet er å gi mest mogleg kompetanse til flest mogleg, seier Brudevoll.

Kompetansereise

Stipendet NÆRINGSTEFT er organisert som ei kompetansereise der ein fagjury vel ut 50 kvalifiserte søkjarar som får følgje eit fagleg program kvalitetssikra av NTNU i Ålesund. Saman med solide samarbeidspartnarar som kunnskapsparkane ÅKP, ProtoMore og Vinde, l og lokalt næringsliv, vil Sparebanken Møre gi deltakarane auka kompetanse på næringsutvikling. Deretter vert det ny utveljing der ti semifinalistar får individuell rettleiing og tilbod om å delta i eit inkubatorprogram i regi av kunnskapsparkane fram til neste utveljing av tre finalistar.

– Finalistane får skreddarsydd og tett oppfølging fram mot finalen. I tillegg får dei utvikla sin eigen profileringsfilm. Finalistane får også presentert sine idear på næringslivskonferansen Børs & Bacalao 28. februar 2019. Ved å kome til finalen er deltakarane sikra ein premie på kr 200.000, og under finalen kårast vinnaren av NÆRINGSTEFT, som tek imot ein premie på éin million kroner, fortel Brudevoll, som gler seg til å stifte kjennskap med årets søkjarar.

Alle søkjarar inviterte til første samling

– Vi er opptekne av å få med flest mogleg på kompetansereisa. Difor inviterer vi i år alle søkarane med på ein første fagdag. For sjølv om ein ikkje når heilt fram til finalen, kan mange ha gode forretningsidéar som ein kan lukkast med om ein får litt hjelp på vegen, seier Kjell Brudevoll i pressemeldinga.

Banksjef Kjell Brudevoll for næringsliv Søre Sunnmøre i Sparebanken Møre Foto: Pressefoto