– Vi har køyrt elektrisk heile vegen frå England, så vi har ikkje betalt ei krone for bensin! Eg er ekte sunnmøring.

Jeanette smiler spøkefullt frå andre enden av det vesle bordet i foreldra sitt kjøken på Remøyholmen. Det er godt å vere heime synest ho. Men livet i England er ikkje verst det heller. Tvert imot.

– Då eldstedottera mi var to år gammal, starta eg opp for meg sjølv. Det er kjempegøy. Eg vel sjølv kva for prosjekt eg takkar ja til, så eg får gjere veldig mykje kreativt.

Flytta ut i 2004

Arkitekten har teikna hus, grunnplanar og møblar sidan ho var omtrent 12 år gammal.

– Eg har alltid visst kva eg ville bli, seier Jeanette, som vart registrert som interiørarkitekt i 2004.

– Etter det ville eg studere arkitektur. For å kunne gjere det, måtte eg ut av Møre og Romsdal. Då tenkte eg at når eg først måtte flytte, så skulle eg gjere det skikkeleg! Så eg søkte på fem ulike universitet i London, fortel Jeanette.

Ho kom inn på alle.

– Valet landa på London South Bank University, seier ho.

Designa rom med heksagon

Kort tid etter enda utdanning, i 2006, fekk Jeanette jobb i BNP Paribas, ein av verdas største investeringsbankar.

– Eg jobba med design av kontorlandskap, seier ho.

Då herøyværingen starta for seg sjølv fem år seinare, fekk ho framleis oppdrag frå den tidlegare arbeidsgivaren. Eit av dei gjekk ut på å designe eit såkalla «Innovation Room» i banken sitt hovudkontor i London.

– Eg fekk frie tyglar. Det einaste dei skulle ha med seg vidare var nokre grøne stolar og eit kvitt bord. Golvet var frå før dekt av blå teppefliser à 60x60 cm, så eg tenkte at det var dei to fargane eg hadde å leike meg med, seier Jeanette.

Ho sat på toget då ideane byrja å ta form.

– Eg leita på nettet og fann nokre teppefliser forma som heksagon (sekskant, red. anm.). Eg fekk lyst til å gjere noko med dei.

Jeanette sette i gang med å teikne, og sende omsider eit forlag til klienten. Dei sa ja med ein gong. Det var berre eitt problem: Møbelet ho hadde teikna inn i rommet eksisterte ikkje ...

– Då den tidlegare sjefen min, Dave, som hadde hyra meg til oppdraget, fekk vite det, la han panna i hendene og sa: «Kva er det du har gitt deg ut på denne gongen», ler Jeanette.

Så starta jakta på produsentar.

Utvikla «Hex»

I september i fjor vart konseptmøbelet installert i hovudkontoret til BNP Paribas. Etter det greidde ikkje Jeanette å legge det heilt frå seg.

– I januar byrja eg å tenkje på korleis eg kunne utvikle det til eit produkt, seier ho.

No har ho laga eit konsept der klienten kan «designe» møbelet sjølv, ved å putte inn ulike bestanddelar.

– Eg har laga nokre magnetiske 1:10-modellar. Dei er artige å halde på med, smiler designaren.

(saka held fram under bildet)

Hex: Det starta med eit konsept som utvikla seg til eit møbel. Foto: Intarc Design

Kjem på marknaden

Jeanette er for tida i gang med eit nytt konsept: transformerbart møbel til kontorlandskap. Både det og Hex vert å finne på marknaden, forsikrar ho – det er berre uvisst når:

– Konsepta vert produserte. Eg veit berre ikkje kven som skal gjere det, når det vert gjort, eller kva det vil koste, smiler Jeanette.