Dette skriv Rimfrost i ei pressemelding:

– Dette er ei gledeleg nyheit. Ingen rettslege prosessar i USA har gått Akers veg knytt til patent, og det betyr at den usikkerheita Aker Biomarine har forsøkt å skape omkring Rimfrost produkt og leveranseevne nå er ettertrykkeleg tilbakevist, seier Stig Remøy i Rimfrost AS, i pressemeldinga.

Rettsavgjerda i det amerikanske Patent Trial and Appeal Board (PTAB) kjem etter behandlinga av ei klage frå Rimfrost AS. Stig Remøy er hovudeigar i bioteknologiselskapet kjent for å produsere krilolje.

Dersom Aker Biomarine ikkje ber om fornya høyring eller anke, vil rettsavgjerda bli rettskraftig og godkjenninga av patentere vil bli trekt tilbake.

– Følt oss som ein David mot Goliat

Dei to Aker-patentere som amerikanske styresmakter no har underkjent, vart brukt av Aker mot Rimfrost i eit søksmål som vart framsett for retten i Delaware og i U.S. International Trade Commission (ITC). Akers ITC-søksmål innehaldt også fleire andre patent for krilproduksjon og -produkt som Rimfrost har hevda var ugyldige og som Aker hadde tileigna seg på feilaktig grunnlag.

Aker valde å trekke søksmålet i ITC, og saka der vart avslutta til Rimfrosts glede i mai 2017. Sjølv er Remøy letta over at også saka i PTAB er blitt avslutta, og i Rimfrosts favør.

– Vi har tidvis følt oss som ein David mot Goliat. Det har kosta tid, krefter og pengar som vi gjerne skulle brukt til andre ting. Då er det godt å sjå at ein David også kan vinne fram i våre dagar, seier Remøy.

Gode tal

Med sitt hovudkontor i Fosnavåg er Rimfrost ein av verdas største produsentar av krillprodukt. Den amerikanske marknaden er ein av dei viktigaste for selskapet.

– Frå 2017 har vi opplevd ein formidabel vekst i salet av våre krillprodukter. Kvaliteten på produkta er spesielt høy, og vi er leveransedyktig sjølv i et marknad med sterkt stigande etterspørsel. For oss har det vore viktig å få sett et punktum for sakene i USA, der vi hele tida har vore sikre på at utfallet ville bli det som nå er PTABs konklusjon, seier Remøy.

Nye skip

I tillegg til dagens produksjon av krilolje og andre produkt, er Rimfrost komne langt i å prosjektere og kontrahere nye skip for krillfangst. Selskapet har ein konsesjon for krilfiske i Antarktis, og er nå i sluttforhandlingar for å kontrahere et nyskapande krillfartøy. I tillegg søker selskapet i disse dagar om ytterlegare ein konsesjon.

– Det vil vere stor etterspørsel av krillprodukter globalt til forbrukarar. I tillegg har kril også et stort potensial i oppdrettsnæringa. Produkt produsert med Rimfrosts teknologi gjør at oppdrettslaksen veks raskare og får betre helse. Den teknologien vi har og de skipa vi planlegg vil revolusjonere hele kjeda frå krillfangst, via produksjon til ferdige produkt, seier Remøy.