– Vi kan sjå tilbake på ein sommarferie der vi har fått gjennomført nokre verkeleg gode treningsøkter. VI har blant anna vore på treningsleir på Lillehammer. Vi slo faktisk også laget deira 2–0, sjølv etter rimeleg intensive treningsøkter. Denne sommar-treninga håpar vi betalar seg no til hausten.

Det seier bergsøytrenaren, Toni Sandanger då Vestlandsnytt møter han på stadion for ei trening med A-laget.

Litt skadeskotne

Men sjølv om laget har fått trena godt før haustsesongen, er det eit litt skadeskote lag som stiller til start på fredag vedkjenner Sandanger.

– Daniel Kvalsvik Jøsok slit framleis litt med skade, og Fredrik Muren vart også skada på treningsleir, og det er ikkje so kjekt, fortel Sandanger.

Han ymtar likevel om at dei i løpet av dei neste vekene vil verte betre. Dessutan har Bergsøy litt å skilte med i stallen til hausten.

Magnussen tilbake

– Vi har nokre spelarar som må farte litt fram og tilbake, blant anna Martin Søvik Røren går på skule i Porsgrunn, men han blir likevel tilgjengeleg for oss heile sesongen. Eirik Heltne har også fått seg jobb i Stabæk, men også han blir litt tilgjengeleg i starten.

Elles er laget ganske likt som det har vore, men på trening er det likevel ein spelar som er tilbake i Bergsøy-drakt. Joachim Magnussen. Den tidlegare Hødd- og Hønefoss-spissen kan bli ein viktig spelar om helsa held.

– Med det eg har sett so langt ser han svært lovande ut. Med Magnussen og Franjo på topp blir vi farlege. Så vi er der vi har vore, eg kan faktisk driste meg til å seie at vi kanskje også er hakket sterkare offensive slik laget er no, smiler trenaren.

Sandanger fortel at han også ser på moglegheiter for å styrke stallen fortlaupande. Han ymtar også ei moglegheit for at Kjetil Paulsen melder overgang til Bergsøy snart.

Ingen hastverk

På spørsmål om Bergsøy no er klare for å ta steget inn i 3.-divisjon smiler Toni og kjem med si velkjente regle om at Bergsøy skal gå opp og vil gjere det når dei er klare.

– Kanskje er dei det i år, men vi har ingen hastverk. Vi tek sakte men sikkert steg, og det skal vi halde fram med.