Sparebanken Møre leverte eit sterkt resultat første halvår 2018. Resultat etter skatt viser 315 mill. kr, ein auke på 20 % fra same periode i fjor.

For andre kvartal isolert var resultat etter skatt 174 mill. kr, opp fra 130 mill. kr same kvartal i fjor. Egenkapitalavkastinga vart 12,3 prosent i kvartalet, og 11,2 prosent for første halvår. Ei ren kjernekapitaldekking på 15,5 prosent stadfestar i fylgje ei pressemelding at banken sin kapitalsituasjon er solid.

– Andre kvartal gav nok eit godt kvartal, og vi leverer et sterkt resultat for første halvår. Vi er i positiv utvikling og opplever god vekst, auka inntekter og låge tap. Tala viser også at fokuset vårt på kostnadseffektivitet gir gode resultat, seier adm. direktør Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre.

Eit høgare utlånsvolum i kombinasjon med høgare rentebidrag fra innskot og bankens høge eigenkapital gav auka rentenetto i kroner samanlikna med tilsvarande kvartal i fjor. Netto renteinntekter vart 291 mill. kr i 2. kvartal, 23 mill. krhøgare enn same periode i fjor.

– Vi er godt nøgde med at vi aukar rentenettoen trass i at det generelt låge rentenivået i marknaden, sterk konkurranse både på utlåns- og innskotssida og lågare risiko har bidrege til press på rentemarginen, seier Nydal i høve framlegginga av halvårsresultatet.