– Vi helsar Harald Tom Nesvik velkomen, og vel å sjå det som positivt at vi har fått ein fiskeriminister frå vårt distrikt, seier leiar Stig Arne Sævik i Herøy fiskarlag.

Harald Tom Nesvik blei den fyrste fiskeriministeren frå Sunnmøre på eit halvt århundre då han tok over då Per Sandberg valde å gå frå borde denne veka. Dermed har Sunnmøre den politiske leiinga i begge matdepartementa.

Godt kjend i miljøet

Leiaren i Herøy fiskarlag finn det betryggande at Sandberg har fått ein erstattar som er godt kjend med fiskerimiljøet, og som burde vite kvar skoen trykker.

– At vi no har fått ein fiskeriminister som ikkje berre er plukka «frå skogen», for å få ein politisk kabal til å gå opp, må vere positivt, seier Sævik

Kursen er lagt.

Han trur likevel ikkje skiftet av fiskeriminister vil føre til dei store endringane i fiskeripolitikken, men forventar at kursen blir mykje godt den same som med Sandberg til rors.

– Det blir vel å fylgje den kursen som regjeringa har lagt til grunn, seier Sævik, og viser til Eidesen-utvalet sine konklusjonar som synest å danne grunnlaget for Solberg-regjeringa sin fiskeripolitikk.

Både pluss og minus

På spørsmål om dette er ein god kurs, svarar fiskarlagsleiaren at akkurat det er litt opp til augene som ser. Her er det både pluss og minus, men personleg er Sævik mest redd for at alt skal bli sleppt heilt laus. Då tenkjer han særleg på strukturpolitikken, der det for småbåtflåten er mykje som talar både for og imot.

– Mi meining er at fiskeriministeren må høyre på kva fiskarane innafor dei ulike gruppene ønskjer, seier han.

Sævik si bekymring er ein strukturpolitikk som fører til at kvoteprisane skyt enda meir til vers. Då blir det enda vanskelegare å kome seg inn i ei næring der inngangsbilletten allereie er enormt dyr. Sævik konstaterer at slik gruppe 2 no fungerer blir det nesten ikkje kvoter der neste år.

– Ei viktig oppgåve for den nye fiskeriministern å sikre gode avtalar med våre naboar i samband med Brexit, seier Sævik.