Prosessen med avhending av statlege fiskerihamner i Herøy er no komen så langt at hamner blir frambodne for sal. Fråværet av statleg næringsaktivitet i fem av kommunen sine 13 fiskerihamner er årsaka til at Kystverket vil avhende desse fem hamnene.

Dette gjeld fiskerihamnene på Runde, Skorpa, Kopperstad, Sandebukta og Bø. Etter taksering er samla verditakst på dei fem aktuelle hamnene sett til 1.950.000 kroner. Dyrast er hamna på Runde, som har fått ein verditakst på ein million kroner. Verdien på Rundehamna er dermed høgare enn dei fire andre hamnene til saman.

For Kopperstad fiskerihamn er verdien sett til 400.000 kroner, Sandebukta 300.000 kroner, Bøvågen 150.000 kroner og Skorpa 100.000 kroner. Teknisk verdi på dei fem hamnene er rekna til i overkant av 30 millionar kroner til saman.

Runde har potensiale

Det er fyrst og fremst potensialet som småbåthamn, samt ytterlegare utvikling av hamna som utgangspunkt for turisme, som gjer at Runde hamn utmerkar seg i forhold til dei andre i taksert verdi. Desse mulegheitene er åleine verdsette til ein halv million kroner. Den andre halvmillionen relaterer seg til moloen

I taksten blir vist til at talet på båtplassar kan aukast utover dei om lag førti som allereie er etablerte.

Ikkje den store interessa

Kystverket viser til at sjølv om ein ønskjer å selje eit betydeleg antal slike eldre fiskerihamner i Norge, er det relativt få som har blitt omsette til denne tid. Når det gjeld salsprisar blir det opplyst at i Giske/Sandøy har det vore selt moloar til eit prisnivå på frå ein halv million til 900.000 kroner.

I dei fleste hamnene er den statlege eigarskapen avgrensa til moloanlegga og offentlegte kaier der det finst slike.

Private kjem sist

Andre statlege institusjonar får fyrsteretten til å overta hamnene som Kystverket no byr fram for sal. Desse får frist til 21. september med å melde si interesse til vederlagsfri overtaking.

Deretter går turen til kommunale eller fylkeskommunale institusjonar, før foreiningar med allmennyttinge føremål får sjansen. Her vil takstpris vere gjeldande. Til sist blir hamnene frambode på den opne marknaden til marknadspris.