-Vi må framleis vere optimistiske, og vi kan ikkje gi opp enda, seier Roar Aasen ved Fosnavåg Pelagic.

Sidan starten på månaden har han stått klar og venta på at makrellsesongen skal kome i gang. Ved det einaste mottaket for dorgemakrell på Sunnmøre har målsettinga vore å greie 3000 tonn frå dorgarane før notfisket startar opp.

Aasen er samd i at det hadde gjort godt med ein god makrellsesong igjen etter fiaskoen dei opplevde i fjor.

– Det er ikkje kritisk enda, og vi har hatt gode sesongar tidlegare då fisket ikkje kom i gang før rundt 20. august, seier han.

At her har begynt å kome ein del småfisk tek Aasen som eit teikn på at det kan vere større fisk på veg. Likevel meiner han det må kome fisk inn frå havet om det skal bli noko fart over det.

-Ingen verdens ting

– Her er ingen ting å få, og ikkje noko å sjå, og vi ser heller ikkje makrell som er oppe og vêde, seier Hallvar Leine på leiting etter makrellen tysdag føremiddag.

Leine var ein av fire lokale dorgarar som mandag tok om bord is og gjekk ut for å prøve. Eitt døgn seinare er det ikkje stort meir makrell om bord enn då han gjekk.

– Fyrst gjekk eg inn på Dalsfjorden, deretter ned mot Stadt, og no er eg på veg utover. Det er ikkje noko, nokon plass, av verken stort eller smått. Dette ser forferdeleg dårleg ut, seier han.

Kjell Myklebust på Muløybuen er også ute og prøver seg i godvêret. Dei andre som tok is mandag var Tono og Sjøstjerna, men resultatet synest å vere like nedslåande for alle.

– Eg for min del har halde meg mest innmed land. Her er gode forhold, og vi har ingen ting å klage på bortsett frå at vi ikkje finn det vi leitar etter. Litt har det rett nok vore, men ikkje anna enn småpir, så små at han ikkje vil bite, fortel Myklebust.

Kan skje over natta

Dei to røynde makrelldorgarane legg ikkje skjul på at det begynner å minke på håpet for kvar dag som går. Likevel meiner dei det er for tidleg å avskrive sesongen enda.

– Plutseleg kan han vere her, og det kan skje over natta, seier Leine, som håper vêret kan halde seg slik at dei kan kome seg lenger ut i havet og leite.

JANN FLATVAL