May-Britt Moser fortel om forskinga si på ein spennande, gripande og ofte humoristisk måte. Ho er ein historieforteljar som fangar tilhøyrarane og tar oss med på ei reise langt inn i vårt eige hovud. Vi får høyre om celler som jobbar hardt natt og dag for å halde styr på oss. Som oftast går det bra, men med ca hundre milliardar celler mellom øyrene så er det ikkje rart om det går litt i surr av og til.

Mange forskjellige celler med mange forskjellige oppgåver. Eg hugsar vegen til butikken. Her kjem eit kryss. Kor fort går eg? -det fortel fartscellene meg. «Sjå opp - her kjem ein kant», ropar kantcellen, og du unngår å dette. Og sjølvsagt vil May-Britt fortelje om gridcellene. Dei som samlar saman masse informasjon og lagar kart. Kart som vi til ei kvar tid kan hente fram - når vi skal heim, til jobben, ut på kjøkenet for å sette på kaffi, kjøre bil for å besøke onkel Kåre.

May-Britt og Edvard fekk Nobelprisen i 2014 for oppdaginga av hjernen sin GPS, der gridcellene spelar ei sentral rolle.

Og kva skjer når cellene våre, som har i seg så mykje informasjon, døyr?

Kvar bur eg? Kven er du? Kvifor er eg her? Eg vil heim til mor.

Den dramatiske vegen mot Alzheimers sjukdom. Kvifor - kva er det som skjer - og kan sykdommen stoppast?

Framsyninga er resultatet av eit samarbeid over fleire år mellom forsking, musikk, film og musikarar. Først musikkstykket «Khroma» i Trondheim til feiringa av Nobelprisen, så «My Running Rat» i Chicago, så «Lost Memory» på Cuba, i Oslo og Trondheim, så «Into Whiteness» under Stephen Hawking sin Starmus Festival og no ved Fjord Cadenza i Ålesund og Fosnavåg.?

Nobelprisvinnar og fosnavågar May-Britt Moser – saman med Trondheimsolistane – vitjar Fosnavåg søndag 19. august

Medverkande:

May-Britt Moser - professor ved NTNU. Nobelprisvinnar.

TrondheimSolistene - under leiing av Øyvind Gimse.

Bertil Palmar Johansen - komponist.

Johan Magnus Elvemo - filmskapar, NTNU