– Sande kommune har fått beskjed om at vi ikkje er part i saka, men vi har likevel engasjert oss. Her handlar det ikkje berre om ein familie som ynskjer å flytte tilbake etter eit års mellomspel på Austlandet, men det er også ei sak med sterk prinsipiell karakter.

Det seier Sande-ordførar Dag Vaagen, som har vore «tett på» saka etter at familien tidlegare i sommar fekk avslag på ein søknad om skuleskyss.

Vaagen skreiv i juli brev til fylkeskommunen med informasjon og synspunkt. Overfor Vestlandsnytt seier Vaagen at det fylkeskommunale skyssregelentet er tydeleg:

– Eg registrerer at fylkeskommunen argumenterer for at dei kan nekte skuleskyss. Men reglementet seier at om elevar som treng skuleskyss med båt, skal dei få det. Om dette skal endrast, må det eventuelt takast opp politisk, seier han.

Vaagen minner om at det også i arealplansamanheng er vedteke at Haugsholmen skal ha busetting og næringsliv.

– Det er å håpe at Fylkesmannen kan bruke fornuft. Dette handlar om ein elev som hadde skuleskyss frå Haugsholmen og som budde ein annan stad i eitt skuleår, før familien no vil tilbake. I eit fylke som Møre og Romsdal er det slik at skyssen av enkelte elevar kostar meir enkelte stadar. Det må ein ta høgde for også i det verkelege liv, avsluttar Dag Vaagen.