Jetmund Runde har bede om førehandskonferanse med kommunen i samband med planar han har for eigedomen sin på Runde. Her ønskjer han å frådele eit område som skal utviklast med fritidsbustader og naust. Området ligg ved Rundavegen på strekninga mellom hamna og gravplassen på Runde. B. Tarberg As er ansvarleg søkjar for tiltaket.