Det heile gjekk føre seg i dei mørke lokala på Gamlebanken på Larsnes. Tradisjon tru vart det spela av velkomsthelsingar frå både A- og B-kjendisar på skjermen. «Velkomen til Sommarshow på Larsnes», sa dei, ein etter ein. Plutseleg gjekk lerretet opp, og showet var i gang.

Den neste timen serverte revygruppa, med larsnesingen Oskar Fjørtoft Sandanger i spissen, eit forrykande humorshow som fekk alle og ein kvar i det heller intime scenelokalet til å flire av hjartans lyst. Også skodespelarane sjølv hadde til tider problem med å halde maska.

Både lokalt og internasjonalt

Årets sketsj-repertoar kan seiast å ha hatt noko å by på for ein kvar smak.

Lokalhumoren hadde fått vesentleg stor plass i showet. Den spelte på alt i frå det lokale idrettslaget, skulestrukturen i Sande og ikkje minst Kong Arthur-spelet. Saman med Herman Brune Leikanger gjorde Sandanger nemleg ein kortversjon av vikingspelet på fem minutt. Denne sketsjen verka også å slå veldig godt an blant publikum, noko som var ei glede for Sandanger.

– Det er veldig kjekt å sjå at den lokale humoren blir godt tatt imot. Eg vil faktisk driste meg til å seie at det var dei «lokale» sketsjane som hausta mest ros. Dette er også noko vi har erfart frå tidlegare år. Likevel er eg er alltid spent på korleis desse sketsjane blir tatt imot, forklarar Oskar.

Men det var ikkje berre lokalhumoren som fekk folk til å flire. Til tider var humoren også litt meir internasjonal. Det blei til dømes tulla med VAR (videodømminga under fotball VM). Utkledd som TV-ekspertar stilte gjengen spørsmål om «VAR var varslingssystemet vi vart varsla om at VAR skulle vere».

I løpet av showet fekk publikum også eit kjærkome gjensyn med karakteren Fyllik Baba, spelt av John Gunnar Edvinsen.

Ros frå ordføraren

Halvegs i showet, i pausen, kom Vestlandsnytt i snakk med Dag Vaagen som også hadde sett av nokre timar for å få med seg humoroppsettinga på Gamlebanken. Sande-ordføraren var full av ros for det Oskar og vennane har sett opp.

– Dei er veldig flinke og det er utruleg kjekt å sjå. Lokala gjer også at humoren kjem veldig tett på publikum, så dette ser svært ut, sa Vaagen.

Nøgd med årets show

– Vi har hatt det utruleg gøy. Tilsynelatande har publikum også hatt det kjekt, og då har vi gjort jobben vår, fortel Oskar i kjølvatnet av helgas ablegøyer.

I alt har dei som sagt hatt fire førestillingar. Det har vore godt med publikum på alle førestillingane med i snitt 40 personar på kvart show, anslår Sandanger.

– Den siste førestillinga måtte vi sette opp fleire stolar for då var det fullt.

På spørsmål om showet kanskje burde ha vore flytta til eit større lokale, er Oskar litt nølande. Dei er nemleg fan av den litt intime stemninga Gamlebanken skaper med publikum,

Uansett er det ein ting som er ganske sikkert.

– Det blir Sommarshow også neste år. Då blir det faktisk femårsjubileum. Om alle kan vere med står att å sjå, men eg veit alle har lyst.