I framlegget til skulebruksplan for 2019/2020, som no er ute på høyring, er det framlegg om nedlegging av Herøy vidaregåande skule si avdeling i Vanylven (Syvde).

Det lengste kapittelet i notatet dreier seg om Vanylven. Her heiter det at undervisingspersonalet i fleire år har strekt seg langt for å gje elevane eit godt tilbod, samt at lærarar har skaffa seg ekstra kompetanse for å stette dei faglege krava.

– Med bakgrunn i låge søkjartal, svake elevtal i grunnskulen i Vanylven, vanskar med å erstatte kompetansen til lærarar som sluttar av ulike årsaker, og dei økonomiske utforringane avdelinga får med å drive med eit så smalt tilbod, ser fylkesutdanningssjefen ikkje nokon veg utan å foreslå ei nedlegging.

Det skriv fylkesutdanningssjef Erik Brekken i framlegget til skulebruksplan 2019/2020.

Han opplyser at det er på trappene ein samarbeidsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune for å skaffe plass til vanylvselevar på skular der. Dessutan er kapasiteten ved Herøy vgs. foreslått auka for å kunne ta imot dei elevane som ikkje får eit tilbod i Vanylven.

«Brennheit» vanylvsordførar

Ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven seier til Vestlandsnytt at det er politikarane, og ikkje fylkesutdanningssjefen, som bestemmer.

– Vanylven er ein del av Møre og Romsdal. Det er noko utdanningsutvalet må ta innover seg. Om det vert vedteke å leggje ned den vidaregåande skulen i Vanylven, og der vi samstundes heller ikkje får gjennomslag for Rovdefjordsambandet, då er vi i ferd med å bli ekskluderte. Så dette er eit val fylkespolitikarane må ta innover seg.

Ordføraren har invitert seg sjølv til komande møte i utdanningsutvalet. Her vil ho først og fremst tale eigen skule si sak, men også moglegheita for å få vanylvsungdom til å konkurrere om plass på vidaregåande skule på Eid og i Måløy på lik linje med ungdom frå Sogn og Fjordane.

– I dag stiller våre ungdomar bakarst i køen desse stadane. Det er heller ikkje skyssopplegg for «våre» ungdomar til skulane i Nordfjord, påpeikar Landsverk Sande.

Ho har fersk statistikk som fortel at fråfallet i vidaregåande skule mellom vanylvsungdom er langt, langt høgare mellom dei som bur vekke på hybel, enn tilfellet er for dei som går skule i Syvde.

– Dei tilsette ved avdelinga i Syvde gjer ein kjempejobb med ungdomen. Det er ein liten, men god skule der alle vert sett. Eg vil også stille spørsmål med kva som skal skje med dei elevane som treng ekstra oppfylging, seier ordføraren.

– Så kampen for skulen er på ingen måte over?

– På langt nær. Det kjem til å kome ei grundig og sterk fråsegn frå Vanylven kommune. Eg registrerer elles at det vert operert med ein temmeleg kort frist for høyringa no rett over ferien i ei slik viktig sak, men her må alle konsekvensar og sider av saka har kome skikkeleg fram i lyset, avsluttar ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande.