– Eg veit ikkje korleis BBC fekk vite om oss, men dei følgjer no med på ulike prosjekt, fortel eigaren av den unike fritidsbustaden, Peter Straume.

TV-produsenten kontakta arkitekten, Knut Hjeltnes. Då han spurde Peter og kona Marianne om dei kunne tenkje seg å vere med i programmet, var dei positive.

– Vi såg på det som ein moglegheit. Episoden vart spela inn i fjor haust. Eg synest framstillinga og bilda vart fine, seier Straume.

Sist ut i programmet

I Heftige hus (World’s Most Extraordinary Homes) reiser den prislønte arkitekten Piers Taylor og skodespelaren/eigedomsentusiasten Caroline Quentin rundt i verda for å utforske ukonvensjonelle heimar på ekstreme plassar. I dette programmet, som vart sendt på NRK1 onsdag 8. august, er fritidsbustaden på Sildegarnsholmen eit av tre spesielle hus som vert synte fram.

– Verken stavgang eller gange nyttar når vi skal til det siste huset. Vi skal til den ville vestkysten og Fosnavåg. Området er kjent for friluftsliv og sjølvsagt fjordar, informerer Caroline Quentin.

På skjermen ser vi dei to programleiarane gå bortover kaia. På bryggekanten møter dei Peter, som gir dei skyss ut til den knøttvesle øya. I det dei stig ut av båten, og eigaren gir dei nøklane, spør Quentin:

– Er det noko vi treng å vite om huset?

Peter svarer smilande:

– At det opnar seg. Og kanskje det faktum at det siste huset som stod her bles vekk under ei stormnatt.

Så forlèt han dei på den vesle holmen.

Bygt for hardt vêr

Sildegarnsholmen romma lenge ei sjøbod frå 1800-talet. Den vart «kasta» på sjø av Nyttårsorkanen i 1992, og alt som stod att var ruinar av det gamle steinfundamentet. På dei ville Peter og Marianne Straume, som er busette i Oslo, byggje seg eit feriehus.

– Eg er opphavleg frå Remøya og har vore her mykje. Vi valte denne holmen fordi der er vêr og vind – det er Vestland – ein kontrast til Oslo, sa Peter til Vestlandsnytt under eit intervju i februar i fjor. Då var den vesle perla eit av tre norske prosjekt som gjekk vidare til finalerunden til den internasjonale arkitekturprisen EUmiesAward.

Arkitekten, Knut Hjeltnes, fortalde at prosjektet var krevjande på fleire måtar:

– For det første er klimaet på holmen mildt sagt tøft, med stormflomål omtrent på toppen av det gamle steinfundamentet. Dessutan reknar vi med at havet vil stige og at det vil kome meir og meir uvêr. Difor måtte vi lage eit hus som kan tole ein storm. Den andre utfordringa var at holmen er så liten at det ikkje var plass til å byggje huset der. Vi fann ut at heile huset skulle bli bygd i ein byggjehall i Ulsteinvik, taua bort til holmen og heist på plass, sa han.

Ei tredje utfordring handla om det estetiske. Resultatet vart eit transformerbart hus på 14,2 x 7,2 meter, og med 9,5 meter opp til mønespissen. Når lukene er igjen, ser bustaden ut som ein tradisjonell sjøbud, og går såleis i eitt med omgjevnadane.

– Litt av poenget var å gjere huset fleksibelt. Det har to fullverdige etasjar pluss loft, og eit golvareal på om lag 300 kvadratmeter. I dette huset kan ein dekkje på langbord til 40–50 personar og leggje «ein heil bataljon» i soveposar på loftet om det skulle vere ønskeleg, sa arkitekten.

Ligg tilgjengeleg på NRK

Den aktuelle episoden vart sendt på NRK1 8. august, men ligg tilgjengeleg på NRK sine nettsider fram til 7. september.