Onsdag som kjem møtest tilsette i barnehagar og skular til fagdag med tryggleik og miljø som tema. I den samanhengen har kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy sendt ut denne pressemeldinga:

Opplæringslova seier at alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

I barnehagar og skular i kommunen arbeider ein for at alle barn og unge skal verte inkludert i fagleg og sosialt fellesskap. Leiarar og tilsette arbeider kvar dag for at alle skal trivast, ha det bra, lære og få utvikle seg. Det er nedfelt i mål, strategiar og tiltak i alle barnehagar og skular.

Erfaringane har vist at trass i gode mål, strategiar og tiltak, er det eit utfordrande arbeidsfelt i ofte komplekse situasjonar. Det er nødvendig med meir kompetanse for både å forstå, førebygge og å handle rett.

Vi har derfor invitert ein av dei fremste spesialistane på området til Herøy for å lære oss meir. Grete Sørensen Vaaland kjem frå Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger, og har lang erfaring både som forskar og foredragshaldar.

Ho skal fokusere på tema som:

*Forståing av utfordrande åtferd, reaktiv og proaktiv aggresjon som kan medføre mobbing og utestenging.

*Sosiale system i klasser og grupper. Forståing av roller, og korleis dempe eller styrke desse

*Samarbeid barnehage/skule og heim i miljøarbeidet.