Slik kommenterer rådmann Olaus-Jon Kopperstad eit spørsmål frå Per Kristian Furø om kva som har skjedd etter at formannskapet bad om tilrettelegging slik at Herøy kommune kunne handle hos den lokale bokhandlaren i Fosnavåg.

Furø viser til det som då blei sagt om at innkjøpa låg under beløpsgrensa for offentlege anbod, og at ein dermed ville satse på lokal handel. Furø skriv:

«Det som no kjem fram er at den lokale bokhandelen har blitt «tvinga» til å levere tilbod på levering av skulebøker og læremateriell, då til eit innkjøpssamarbeid som Ålesund kommune organiserer for fleire kommunar. Kontrakten på leveransane vart tildelt BS Undervisning As. Dermed vil ikkje den lokale bokhandelen få dei leveransane vi politikarar trudde vi hadde sikra».

Kopperstad lovar å kome med ei grundig orientering på neste møte, men seier det blir teke sikte på å lage eit opplegg i løpet av våren med sikte på å halde fram med lokalt kjøp av skulebøker.