I ei pressemelding har Explore Fosnavåg lansert eit nytt konsept dei håpar vil falle i smak. Saman med Herøy kajakklubb, bondelagskokk Nils-Henning Nesje og hans team frå «Mat med hjerte AS», tek dei sikte på å skape ei unik matoppleving på Herøy Gard 30. og 31. august.

Ureist og kortreist mat

– Dette blir ei eksklusiv oppleving med både kortreiste og ureiste råvarer. Du får blant anna nærkontakt med klippfisk, kastrert okse, skaldyr, handlaga is, ville vekstar frå hav, skog og fjell, fortel bondelagskokk Nils-Henning Nesje.

Kokken fortel sjølv at han har ein forkjærleik for å lage mat frå grunnen av, og at han er tilhengar av å bruke lokale leverandørar med høg kvalitet.

Som om ikkje det kortreiste var nok, er det tenkt at deltakarane sjølv kan vere med å skaffe dei «ureiste» råvarene. Desse skal sankast med rettleiing av representantar frå Nesjes team frå «Mat med hjerte».

– Deltakarar til arrangementet får informasjon om kva ein skal leite etter i fjøra og korleis råvarene brukast til matlaging. Du kan gå i fjøra eller ta kajakken på havet og finne råvarene der, fortel Marvin Kopperstad i Exlpore Fosnavåg.

Han fortel vidare at deltakarar ikkje treng kursing i padling om dei vil prøve kajakk, då instruktørar frå Herøy kajakklubb vil vere til stades.

Festmåltid på Herøy Gard

Fredagskvelden er planen at Nesje skal presentere fleire rettar i hovudhuset på Herøy Gard.

– Råvarene vi finn torsdagen vil bli brukte i rettane vi serverer. Maten blir servert med muntre historier og sleivspark, og alt ligg til rette for ein fantastisk kveld. Vi gler oss til å ta imot gjester i historiske omgivnader på den segnomspunne øya, seier Nesje.

To arrangement

Marvik Kopperstad forklarar at det blir to ulike arrangement publikum kan melde seg på. Fyrst har dei råvaresanking og innføring i bruk av desse på torsdag, og så festmåltid presentert av Nesje fredagen.

– Det er sjølvsagt mogeleg å booke plass begge dagar, fortel Kopperstad.