Beste regnvêrsfilm:

– Det må vere «Mission Impossible – Fallout». Det er ein actionfilm som dei og har filma i Noreg. Den egnar seg godt som inne-film. Eg kan også tipse om «The spy who dumped me», som er ein underhaldande og lettbeint film.

Beste familiefilm:

– «Karsten og Petra på skattejakt» er den siste i rekka, om eg ikkje tek feil. Eg anbefalar denne til småbornsfamilier.

Beste skrekkfilm:

– «Megalodon» er ein sci-fi og grøssar. Denne filmen er for dei som helst ikkje vil sove på kvelden, og så har vi «The darkest minds», ein sci-fi-triller.

Beste date night-film:

– Då kan kvinnene drage med seg mannen på «Mamma mia – here we go again», og «De utrolige 2» som er ein oppfylgar, 14 år etter den fyrste filmen.

Beste «gåsehud»-faktor:

– «Blindsone», ein film som er filma i berre tagning, og som tek heilt av på slutten!