Med utgangspunkt frå 1. mai til 7. august i år, har han sett opp topp ti-lista til kinoen. «Mamma Mia 2» tronar øvst på pallen med 1294 besøkjande så langt, medan «Deadpool 2» tek ein solid andreplass med 505 besøkande.

– Så har vi «Hotel Transylvania 3» på tredje, etterfølgd av «Jurassic World: Fallen Kindom». «Avangers: Infinity War» var den femte mest besøkte filmen, ramsar Holum opp.

Forventar stort frå «Skjelvet»

I løpet av denne perioden, har Holum og kinoen tatt i mot heile 5570 besøkande.

– Dette er ein liten nedgang frå i fjor, men det kan vere på grunn av det fine vêret vi har hatt i sommar. På same tidspunkt i 2017 hadde vi 6346 besøkande. Likevel har «Mamma Mia» trekt mange, noko vi eigentleg hadde forventa.

Holum fortel at kinoar over heile landet har hatt ein nedgang i besøkstalet no i sommar. Men dei reknar med at tala kjem til å auke litt etter litt utover hausten.

– Vi har sett opp nokre storfilmar som mange er spente på, og som allereie har førehandsselt billettar. Norskproduserte «Skjelvet» er ein av desse. Filmen er produsert av dei same folka som laga «Bølgen» i 2015, så denne filmen har vi høge forventningar til.

Frå New York til Fosnavåg

Holum kan avsløre at han ikkje har sett så mykje film i sommar, men er ofte på filmfestivalar og filmtreff der han dedikerer seg til å sjå filmar dag ut og dag inn. Sjølv har han ein personleg favoritt, eller to.

– Det vart laga ein re-make av «Cinema Paradiso» frå 1988, der dei hadde pussa opp både lyd og bilete. Premieren var 3. august, og eg var veldig fornøgd med re-maken. Denne filmen er ein evigvarande favoritt, fortel han spent.

«Filmperler» er ei nysatsing kinoen har byrja med. Det er kvalitetsfilmar som stikk seg ut litt ekstra, og som talar til både hjartet og hovudet. I juni i år hadde Holum laga til ein heilaftan for dei frammøtte.

– Vi hadde laga konsertsalen om til ein restaurant, og serverte middag til filmen «Lunchbox». Det vart ei kulinarisk filmoppleving, med både mat og kjærleik, fortel han.

I tillegg til filmperlene, satsar han også på Event kino. Den fyrste visninga i denne satsinga vil bli «Elvis ’68 Comeback special» den 16. august. Konserten som markerte Kongens retur til musikken fyller 50 år! Denne blir følgd opp av konserten «Jonas Kaufmann: Under the stars» 30. august.

– Han er ein av verdas største operasongarar, og har spelt inn konserten som han hadde i Berlin. Denne konserten skal vi vise, og det vert eit heilt spesielt event. Med Live Event kan vi «streame» konsertar, opera og teater frå heile verda, direkte til Fosnavåg. Vi kan eksempelvis streame ein konsert live frå Metropolitan i New York, som startar kl. 13 der, på kinoen her kl. 19. Det er litt tøft, seier Holum og smiler.

Ein flott film-haust

Så langt i år har det blitt sett opp filmslager etter filmslager. Holum meiner at krutet ikkje har blitt brukt opp heilt enda

– Utover hausten finn du fleire, gode slagerar. «Skjelvet» er storsatsinga, men vi kan også by på enda ein film frå gode, gamle «Flåklypa»-gjengen. Det er noko spesielt med desse filmane, og dei har klart å bevare stemninga.

Han ramsar opp fleire filmar som er verdige eit kinobesøk. Ein av desse er filmen om Joshua French og Tjostolv Moland.

– Det er store forventningar til «Mordene i Kongo», som har premiere i oktober. Vi veit jo korleis det gjekk med dei, men å sjå historia med eigne auge vert sterkt, fortel Holum.

Kinosjefen kan også freiste med film om Queen, og dreg spesielt fram den erotiske thrilleren «En affære, som har fått ein del omtale. Tarjei Sandvik Moen frå Skam og Andrea Bræin Hovig er med som ho- vudrolleinnehavarar.