Herøy kommune og Hurtigruten AS stridast framleis om kva hurtigruteselskapet skal betale for bruken av farleia i Herøy. Framleis har Hurtigruten AS ikkje betalt noko av det som kommunen har fakturert i anløpsavgift sidan ordninga blei innført i fjor vår.

Ved utgangen av juni i år var samla ubetalt anløpsavgift komen opp i 140.000 kroner. I januar varsla kommunen at kravet kom til å bli sendt til inkasso. Hurtigruten svara med at dei kjem til å bestride eit eventuelt inkassokrav for å få saka prøvd for retten.

Uvisst utfall

Ein rettsleg prosess vil krevje store ressursar både i kostnader og tidsbruk. Dessutan er det uvisst kva ein slik prosess vil føre til, skriv rådmannen i saka som blir framlagt for formannskapet tysdag.

Her tek rådmannen til ordet for å imøtekome Hurtigruten sitt ønskje om å møtast for å drøfte ein fastprisavtale.

Stridast om nivået

Kystverket har stadfesta kommunen sin rett til å krevje inn anløpsavgift for utgifter som kommunen har i farleia. Det er nivået på avgifta striden står om. Hurtigruten hevdar at kommunen ikkje har utgifter som tilseier eit avgiftsnivå på 140 kroner per anløp. Kva som er det rette nivået, ønskjer Kystverket ikkje å uttale seg om.

Ifylgje rådmannen vil avgifta måtte aukast neste år om kommunen skal gå i null over ein femårsperiode frå og med 2017. Med dagens kostnader og tal på anløp må avgifta aukast til eit snitt på 255 kroner per anløp frå 2019.

Vil forhandle

Rådmannen ber no formannskapet om lov til å gå i forhandlingar med Hurtigruten om ein fastprisavtale, der avtalesummen blir sett til 200.000 kroner i året. Dette vil gi kommunen ei inntekt på 600.000 kroner for perioden 2018-2020, medan ein avgiftsauke til 225 kroner frå 2019 vil tilseie 474.500 kroner for same perioden.

Rådmannen skriv at med ein slik auke har kommunen teke høgde for auka kostnader i farleia. Hurtigruten får for sin del føreseielege vilkår for drifta.

Men som rådmannen peikar på, vil Herøy kommune tapa på ein slik avtale om det skulle bli behov for større investeringar.