Eg har gode og vonde dagar, som dei fleste. Men utifrå alderen har eg det veldig fint. Eg har ikkje ein vonde verk skal eg seie deg.

Gunvor Martine Kobbenes sit i ein rullestol, vendt mot vindauget, og smiler. Ut soveromsglaset hennar på Myrvåg omsorgssenter kan vi sjå ein barnehage rett over vegen. Det ein ung kontrast til det som på denne sida av vindauget har vore eit langt liv.

Ja, der er det mykje liv. Og eg er veldig glad i det som lever, smiler Gunvor Martine, og legg hendene i kors i fanget sitt.

106 år

Vestlandsnytt er på besøk hjå den gamle dama ettersom ho har oppnådd ein alder som ikkje er mange forunt. Kobbenes har nemleg i dag (fredag 10. august) runda 106 år.

– Nei, det er no ikkje så verst det. Eg er no berre glad eg endå kan prate og forstå, forklarar den gamle dama.

Rundt ho sit også tre av hennar fire barn. Den eine av dei, Arnvid Kobbenes skyt inn ein kommentar.

– Ja, og det er bra for ho mor er sosial av seg og veldig nysgjerrig.

Dei to andre borna i rommet, Randi Nygjerde og Berit Elsa Hareide, seier seg einige med broren.

– Og det er vell ikkje mange som kan seie at barna sine er mellom 77 og 85 år, fortel Hareide.

Gunvor smiler til gjengen som sit på sengekanten hennar og legg sjølv til:

– Og eg kan no ete heilt sjølv også, så det er no veldig bra.

Vi blir fortalt at ho imponerande nok også laga mat og baka brød på eiga hand heilt til ho var 103 år.

– Men då ho flytta hit til omsorgsheimen, bestemte ho seg for at det var nok matlaging, forklarar svigerdottera Signe Kobbenes, som også sit i rommet.

– Og her trivst eg veldig godt. Betjeninga er veldig god, skryt Gunvor Martine om tilværet i Myrvåg.

Ingen aldrings-hemmelegheit, men ...

– Har du ei hemmelegheit eller nokre råd for leve like lenge som du har? spør vi.

Gunvor ser undrande på oss og smiler.

– Kor lenge eg lever er det ikkje eg som rår over. Men eg likar å tru at eg har levd eit sunt liv.

Ho stoppar opp og tenker litt meir over spørsmålet.

– Mottoet mitt har også alltid vore: Ein skal aldri seie at ein ikkje klarar noko før ein har prøvd det. Og: Du skal ikkje slutte med ting, men halde på.

Elles finn 106-åringen det vanskeleg å gi råd i tida, då ho meiner tilværet i dagens samfunn er så vidt forskjellig og ikkje minst tryggare enn då ho vaks opp.

Husmor frå Djupvik

Kobbenes var fødd på Haramsøya og budde der til ho var tre år. Resten av livet har ho stort sett budd i Djupvik med unntak av eit opphald hjå ei syerske i Oslo som 16 åring.

Størsteparten av livet har ho vore husmor på eit småbruk.

– Og ho har ikkje minst vore ei fantastisk mor for oss fire barna, fortel Randi.

Med interesse for handverk og mat

På veggane på rommet til Gunvor heng det fleire vakre hekla og broderte handverk. Alt frå flotte lauparar til dokkeklede. Dette er eit vitnesbyrd om ei av Gunvor sine mange interesser.

– Eg har alltid vore glad i handverk og gjere ting med henda. Og eg gjer det endå.

Ho blir avbroten av barna som seier ho skrønar, men ho berre smiler og fortel det er så innarbeidd i musklane at ho berre treng å lukke auga, så heklar og strikkar ho i veg.

Også matlaging har vore ei stor glede i livet til Kobbenes. På bordet, ved sida av familiebilda, står mellom anna eit bilete av ho i lag med nylege avdøde Ingrid Espelid Hovik.

– Vi kjende ikkje kvarandre, men maten knyta oss saman, forklarar Gunvor Martine.

Vi avsluttar etter kvart besøket med å spørje om korleis 106-årsdagen skal feirast. Noko forrykande feiring blir det ikkje, forklarar familien, men dei skal sjølvsagt markere dagen.