Eit skip er snart trygt i hamn. Det norske flagget vaier i handa på Pen Thorseth. Ho helsar «Havella» og mannskapet i det dei sig inn dei siste meterane og legg til kai på Myrvågneset. Ni veker har gått sidan Ragnar Thorseth kasta loss for nok eit eventyr, og ni personar kan no sjå tilbake på ei reise til Færøyane, Island, Grønland og tilbake.

I det båten er fortøydd kjem Thorseth sjølv til syne og set i ein salutt med eit lufthorn. På land ønskjer mannskapet frå fyrste del av turen dei fem som har sigla skuta tilbake til Noreg velkomen. Kona til Ragnar, Pen, lyser opp då ho ser mannen og hiv seg rundt han og gir Ragnar eit velkomstkyss. Ho raudnar litt og sensurerer sussinga med det norske flagget, som får resten av mannskapet til å flire. Dei går so om bord for å høyre korleis heimreisa har vore.

– Ei ubeskriveleg oppleving

Etter å ha tatt nokre gruppebilete kjem Vestlandsnytt i snakk med mannskapet. Dei omtalar reisa dei har hatt som ubeskriveleg.

– Det har vore ei oppleving for livet. Dette er noko eg aldri hadde klart på eiga hand, fortel Birger Joachimsen frå Oslo.

Før turen kjende Joachimsen knapt Ragnar. Han hadde berre maila eventyraren ein førespurnad om å få vere med på tur. Han blei såleis ein av dei som mønstra på for å vere med på ekspedisjonen sin siste del.

– Eg sende han ein mail der seg skrytte uhemma av meg sjølv og sa at å legge ut på denne turen utan meg, var med livet som innsats, fleiper han.

Resten av gjengen som står rundt oss flirer til kommentaren. Latteren syner på mange måtar kameratskapet som har utvikla seg om bord. For som dei seier sjølv, ein blir ein samansveisa gjeng når ein bur så tett saman.

Elles fortel dei at ferda har bydd på mange flotte møte med venner av Ragnar.

– Vi fekk for eksempel møte ein av Færøyane sine mest anerkjende kunstnarar, Trondur Patursson, smiler Tore Reed frå Måløy.

Ikkje knirkefritt, men

Inne i båten møter vi eventyraren sjølv i det han er i ferd med å pakke saman nokre satellitt-telefonar.

– Det er eigentleg no vi er klare til å reise, for det er no båten og mannskapet er klart, smiler Thorseth.

Han fortel at turen har vore ei flott oppleving og at det var kjekt å sjå at gamalt venskap på Færøyane, Island og Grønland ikkje rustar. Likevel vedkjenner Ragnar at ambisjonnivået for padlinga til han og kona var litt vel stort. Men, padling blei det mykje av likevel.

Sjølv om turen har vore ei oppleving av dei sjeldne, ymtar Ragnar også om at det har vore nokre utfordringar med å vere på tur.

– Nei, det har ikkje vore heilt knirkefritt, og det er det aldri på tur heller, fortel Ragnar, utan at han vil kommentere vidare om det.

Ei gåve til Pen

– Dette var frå fyrste dag meint som ei gåve til Pen for å ha gitt meg ein nytt og betre liv. Under denne ekspedisjonen var ho med på fyrste halvdel av turen. Målet var at ho skulle få oppleve litt av «mitt førre liv». Om gåva fall i smak, er ikkje opp til meg å svare på.

For dette svaret må vi høyre med hovudpersonen sjølv, og ho finn vi under dekk i det ho er i ferd med å pakke saman i byssa.

– Eg er svært takksam for denne gåva. Eg har hatt ein fantastisk tur. Rett nok var eg sjøsjuk i ei veke, men den flotte naturen, erfaringa og ikkje minst vennskapet vi har hatt om bord, har gjord dette til ei fantastisk oppleving, fortel Pen.

Ho trekk blant anna fram kor spesielt det var for ho å sjå isfjell for fyrste gong.

– Eg har lært noko nytt kvar dag, men det var litt kaldt for ei dame ifrå Thailand, fortel ho og ler.

Ho fortel at ho blant anna stod for matlaging då ho var om bord.

Blir til TV-filmar der Pen er stjerna

I byssa står også ein annan essensiell person i mannskapet, filmfotograf Odd Ragnar Lund.

– Pen har vore ein flott hovudkarakter i filmen, skyt han inn.

Det han sikter til er at turen som gjengen no har vore på skal bli til to filmar som skal visast på NRK. Han har såleis budd dei siste ni vekene om bord for å dokumentere reisa med fokus på Pen si oppleving.

– Eg trur eg har fått mykje godt råmateriale. Vi har blant anna filma mykje flott med drone og filma spektakulært dyreliv i majestetisk natur.

NRK er allereie i gang med produksjonen og den blir etter kvart mogleg å sjå på norske TV-skjermar.

Då alle hadde pakka ferdig takka Ragnar for ein fin tur, og avslutta med eit håp om fleire turar i framtida.