Mange hugsar kanskje at Sølvtrans-kollegaane Robin Halsebakk og Petter Gunnarstein samla inn over ein million kroner til kreftforeininga i fjor. I løpet av seks veker sykla nemleg Robin, i følgje med Petter i bubil, norskekysten på langs. På turen samla dei inn pengar til kreftforsking samtidig som dei promoterte Sykkel-VM, sjømatnæringa og reiarlagsnæringa.

Årets stunt

– Vi møttest hjå meg og vart samde i at var nøydde å finne på noko løye i år også, fortel Gunnarstein.

Dei kom fram til at det store eventyret også i år skal gå langs kysten. Denne gangen er sykkelen derimot bytta ut med ein spesialbygd færing og bubilen er bytta ut med lystbåt. Ro-etappen, Trondheim- Ålesund.

– Det var eg som kom med forslaget og vi bestemte oss so og seie med ein gong. Dette er noko vi vil gjennomføre, fortel Gunnarstein.

Harde etappar

Roturen er på heile 180 nautiske mil og har ein planlagt start den siste dagen av Nor-Fishing konferansen, fredag 24. august. Dagen før skal båten døypast. Gudmor til båten er generalsekretær i kreftforeininga, Anne Lise Ryel. Samferdselsminister, Ketil Solvik-Olsen, vil også vere til stades under dåp og avgang frå Ila i Trondheim.

Om alt går som planlagt, er dei to framme i Ålesund fredag 31. august. Programmet for roturen er tøft. Dei lengste etappane er på 30 nautisk mil og Gunnarstein reknar med dei vil ta oppimot ti timar.

– Vi har forberedt oss på både blemmer i hendene og grov sjø, men vi satsar på finvêr. Planen er å nå tidsfristen og både eg og Robin er sterke i trua på at vi skal kome oss til Ålesund på ni dagar ved hjelp av muskelkraft.

– Er de i hardtrening no då?

– Robin har trent ein del, men eg skal berre ha ei veke med oppkøyring. Eg har vore ute og rodd før og den kunsten gløymer eg ikkje, flirer kvamsøyingen.

Dei to jobbar i fiskerinæringa, hos transportfirmaet Sølvtrans. Begge sit mykje på kontor, men Petter var tidlegare skipper på brønnbåt i 13 år. Kontorfingrane er likevel ikkje det som bekymrar mest.

– Ein skal ha ei god ræv for å klare etappar på opptil 10 timar. Heldigvis har båten eit lite drammeskap bakpå hekken til ankerdram–det kan vere nødvendig å ha på turen, fortel Gunnarstein med glimt i auge.

Tradisjonsrik båt

Båten karane set sjøbein i, er ein tradisjonsrik Åfjordsbåt. Seksringen er 21,5 fot lang og har tre par årer. Det vil seie det er plass til ein tredje ro-kamerat. Petter og Robin, skal nemleg ha med seg et par hjelpande hender på kvar etappe.

– Vi har ikkje fylt opp alle plassane til turen enno, så det er berre å melde seg på for dei som ønsker å bidra.

Elles kan det nemnast at båten er bygd for anledninga på Stadsbygd, i tilknyting til museet Kystens Arv. Den er bygd av Einar Borgjord og son hans.

Gunnarstein avsluttar med å seie at han håper at flest mogleg bedrifter vil vere med å ro på turen. Det hadde også vore artig om dei klarar å ro inn ei like stor pengegåve til kreftforeininga i år som i fjor.