Bygging av Nordøyvegen vil gå ut over mange andre prosjekt i fylket. Mellom dei er ny Herøy vidaregåande skule.

– Vi kan ikkje starte opp noko prosjekt, eller gjere nokon forpliktande avtale, før vi har fått oversikt over kva konsekvensar bygging av Nordøyvegen vil få for den fylkeskommunale økonomien.

Slik forklarar bygg- og eigedomssjef Per Olaf Brekkan kva som har endra seg på eit par sommarmånader i høve til Herøy vidaregåande skule.

Tidlegare i sommar var Brekkan nærmast klar til å skrive intensjonsavtale med Herøy kommune om å greie ut kommunal forskottering av ny vidaregåande skule i Fosnavåg. No har han gitt kommunen skriftleg beskjed om at det dei tenkte på i juni, ikkje er aktuelt i dag.

Veldig uoversiktleg

Brekkan forklarar at dei store kostnadsoverskridingane med Nordøyvegen har skapt ein veldig uoversiktleg situasjon. Det er denne situasjonen fylkesrådmannen no jobbar med å få klarlagt før fylkestinget i oktober, seier Brekkan.

Slår ikkje handa av Herøy

Brekkan avsluttar brevet med å slå fast at han framleis vil samarbeide tett med kommunen om å lage eit grunnlag for å vurdere den vidare utviklinga og lokaliseringa av skulen.

– Vi er positive til prosjektet og ønskjer ikkje på nokon måte å slå handa av Herøy kommune, seier Brekkan.

Han viser til at han allereie om eit par veker skal ha eit nytt drøftingsmøte med kommunen om saka.

Verre enn frykta

Slik ordførar Arnulf Goksøyr ser det, er meldinga frå Brekkan eit rimeleg tydeleg signal om at fylkeskommunen ikkje har økonomi til å vere med på noko som helst av prosjekta som Herøy kommune for tida arbeider med å få realisert. Det neste han fryktar skal bli råka, er forskottering av bru og hamneutbygging.

– Når dei ikkje eingong kan vere med på å greie ut, er dette verre enn frykta, seier Goksøyr.

For herøyordføraren er det vanskeleg å sjå at fylket kan greie å lyfte alle prosjekta som står på investeringslista slik økonomien no teikna seg.

– Her er det verkeleg behov for ei opprydding, for det er vel ei grense for kor mange grenser Møre og Romsdal fylkeskommune kan sprenge.