Vêret spelar ikkje på lag for Hellbillies-konserten

Flyttar konserten inn

Den planlagde festen med Hellbillies i Herøy amfi er no flytta innandørs på grunn av meldingar om sterk vind. Men arrangørane lovar framleis god stemning.

HELLBILLIES SNART 30 ÅR: F.v.: Lars Christian Narum, Aslag Haugen, Lars Håvard Haugen, Egil Stemkens og Bjørn Gunnar Sando. FOTO: PRESSEFOTO 

Nyhende

Seint onsdag kveld bestemte Herøyspelet og Fosnavåg konserthus å flytte fredagens Hellbillies-konserten innandørs.

– Vi syns det er veldig synd, for dette hadde vi gleda oss veldig til. Etter å ha følgt vêrmeldingane tett og etter samtale med Meteorologisk institutt var det klart at med mogleg vindstyrke opp mot 16 m/s er det uansvarleg å satse på utekonsert. Det kom også melding frå Hellbillies om at med vindstyrke på 15 m/s ville scenen bli evakuert, fortel Bjørn Holum til Vestlandsnytt.

Lovar framleis god stemning

– Vi ønsker så langt det er mogleg å ta med oss den gode stemninga frå Herøy amfi til Fosnavåg konserthus. Derfor blir det den same serveringa som det ville blitt på Herøy. Thon hotell set opp bar i foajeen og Herøyspelet sel mat og snacks inne i salen, heiter det i ei pressemelding.

Konserten blir organisert med flatt golv med ståplassar nede, og ca. 240 sitjeplassar i amfiet bake.

– Thon hotell har vist stor velvilje for å få dette til og gir delar av inntekta av salet til Herøyspelet. Dei er også med og sponsar delar av utgiftene. All inntekt frå matsalet går til Herøyspelet, fortel dei ansvarlege.

Dei trur publikum vil bli glade for denne avgjersla. Hellbillies har lova at dei vil lage topp stemning og Thon hotell, Fosnavåg konserthus og Herøyspelet vil gjere alt for at dette skal bli ei stor oppleving.

– Og det er i grunn litt herleg å sleppe å tenke på været, held dei fram.

18-årsgrense

Arrangementet har 18-årsgrense på grunn av alkoholsal, men sidan det no er hotellet sitt skjenkeløyve som gjeld, og dei har flytta arrangementet inn, vil det vere mogleg å ta med underårige i saman med følgjeperson.