– Vi er stadig på utkik etter meir tømmer, og i Sande kommune ser vi fleire interessante område.

Det seier Per Gunnar Sande, som er skogbruksleiar i skogeigarsamvirket Allskog med hovudkontor i Trondheim.

Det er dei som står for både uttak og sal av tømmeret som no blir teke ut i Gursken-området etter avtale med skogeigarar og entreprenørar.

– Allskog opererer frå Sognefjorden i sør og til Finnmark-grensa i nord, og for tida har vi fleire prosjekt gåande på Sunnmøre, fortel Sande.

Over 4000 kubikkmeter

Eitt av desse prosjekta har i sommar altsår gått føre seg i Sande. Om eit par-tre vekers tid vil jobben vere gjort. Då vil entreprenøren som Allskog har i sving ha teke ut godt over 4000 kubikkmeter gran og sitkagran fordelt på to område i øvre Gursken.

Det største området er på Brekkane, der det skal takast ut om lag 2500 kubikkmeter før arbeidet kan avsluttast om eit par-tre veker frå no. Lenger nede på Myklebust er hogsten allereie avslutta, og her ligg tømmeret no og ventar på å bli transportert ut frå distriktet.

-På Brekkane er det hovudsakleg vanleg gran, men til saman vil dette prosjektet gi om lag like mykje sitkagran som den vanlege gransorten, fortel Sande.

Ein del av skogen som no blir utteken blei planta på syttitalet, og er eigentleg litt for ung. Sande fortel at mykje vindfallskade var årsaka til at ein fann å ville ta ut dette partiet.

– Betydelege mengder

Når ein veit at det i heile Møre og Romsdal blir teke ut 300.000 kubikkmeter tømmer i løpet av eit år, er det bra mengder som no blir teke ut i Sande. Ein skal ikkje så langt tilbake i tid før årsuttaket var nede på 60-70.000 kubikkmeter her i fylket.

Rundt femti vogntog må til for å frakte tømmeret frå Gursken og til utskipingsterminal. Noko skal til Ørsta, og noko til Håhjem, men kvar det hamnar til slutt er det kvaliteten som bestemmer.

Sagtømmer og flis

Sande fortel at den delen som er sagtømmer går ut i Europa, der Tyskland er den største avtakaren. Av det som ikkje er sagbart vil ein god del gå til prosessindustrien i Trøndelag. Både på Kyrkjsæterøra og i Orkanger nyttar dei flis i smelteprosessen, medan slipen på vanleg gran går til Norske Skog på Skogn og papirproduksjonen der.

– Det går litt hit og litt dit, men signala tyder på at i framtida vil ein større del av tømmeret som i dag blir eksportert bli nytta av den innanlandske industrien, seier Sande.

Per Gunnar Sande fortel at det var han som tok kontakt med skogeigarane i Gursken etter ein rekognoseringstur han hadde på leiting etter nye hogstfelt rundt om i distriktet. No er han spent på om Gursken-prosjektet kan utløyse enda meir aktivitet for Allskog på Søre Sunnmøre. Han trur heller ikkje dei har gjort frå seg i Sande med dette.

– Vi registrerer interesse og førespurnader, og neste prosjekt kan godt bli innover mot Oksavika. Her må derimot delar av vegen oppgraderast, og i den samanheng er vi i dialog med både Statens vegvesen og Sande kommune, seier han.

Kan bli rett bra

På spørsmål om kva skogeigaren sit igjen med når skogen er vekke, fortel Sande at Allskog betalar per kubikkmeter alt etter kvalitet og tilgjengelegheit.

– For den som kan tilby fint tømmer, lett tilgjengeleg og med stort volum, kan det bli rett bra på konto, seier Sande, som likevel vedgår at skogplanting ikkje er raskaste måte å gjere seg rik på.

– Nei, då bør ein heller satse på laks enn på skog, smiler han.

Men skogbruksleiaren i Allskog er heilt klar på at skogplantinga her til lands burde vore driven i langt større omfang enn i dag. Og då tenkjer han særleg på gran.