Steinsvik fortel at verken han som leiar, eller nokon av dei andre i det lokale eigarstyret for Herøy kystmuseum, var kjende med at museet ikkje skulle ha ope for vanleg besøkande denne sommaren.

Dei kjende ikkje til anna enn at alt skulle vere som tidlegare år, då det blei innleigd sommarhjelp til å vise besøkande rundt på museet. Overraskinga var difor stor då Vestlandsnytt fortalte om folk som hadde møtt stengde dører på ein av Herøy sine største attraksjonar no i sommar.

Heilt meiningslaust

Om ikkje omfanget er heilt det same, kan det å stenge museet på høgste sommaren samanliknast med om Rundebrua var stengd i turistsesongen. Herøy kystmuseum blir framkøyrd som noko av det mest sjåverdige som Herøy Herøy kan by på, og slik sett blir det meiningslaust å ikkje ha ope når folk besøker kommunen.

–Ikkje berre greitt

Steinsvik legg ikkje skjul på reaksjonane, og seier det ikkje berre er greitt det som skjedde på Herøy kystmuseum denne sommaren.

– I kjølvatnet av dette vil det blir halde eit møte med stiftinga for å få klarlagt kven som har beslutta å halde stengt over hovudet på oss i eigarstyret. Eg har prata med direktøren for Stiftinga Sunnmøre museum, og han beklagar sterkt det som har skjedd, fortel Steinsvik.

No vil Steinsvik ha ei forsikring om at det same ikkje vil skje igjen.

– Vi i styret vil heller ha meir ope. Vi vil ha eit levande museum, og då må det vere ope, seier han.

Utvida i Ålesund

Også eit par av dei andre bygdemusea i Stiftinga Sunnmøre museum har vore stengde denne sommaren.

Ved hovudmuseet i Ålesund har dei derimot utvida sommaropninga.

Viktig for museet

Steinvik er samd i at om dei har tenkt å ha det slik framover, må ein ta ei vurdering på om Herøy kystmuseum er tent med å vere ein del av Sunnmøre museum.

-Vi må vere ein del av ei større stifting for å få tilgang til statlege pengar til museumsdrifta. Slik sett gir tilknytinga oss mange fordelar, og mi meining er at vi må halde fram å vere ein del av stiftinga, seier han.

Det gjeld ikkje minst med tanke på Sunnmørsjekta og arbeidet med å få opp eit jektenaust på Herøy.