Standard straff for ung fartsovertredar

Råkøyring på Buholmvegen i sommar resulterte i tap av førarkort og ei klekkeleg bot for ein ung herøyværing.
Nyhende

I Søre Sunnmøre tingrett gav den unge bilføraren ei atterhaldslaus tilståing av det han var tiltala for: Ein sein laurdagskveld i sommar blei han registrert med ein fart på 103 km/t på Buholmvegen i Herøy. Fartsgrensa på staden er 60 km/t. Det var tørr veg og god sikt då køyringa skjedde.