Ein klage over utskriving frå sjukeheim i Herøy er sendt Fylkesmannen for avgjerd. I oversendinga av klagen viser kommunalsjefen til at etter å ha gjennomført eit tidsavgrensa opphald på sjukeheimen, blei situasjonen vurdert slik at vedkomande kunne reise heim, med auke i hjelpetiltaka. Det blei gitt munnleg orientering om mulegheiter for tryggleiksalarm og fire daglege besøk av heimetenesta. Det blei også orientert om at dei vurderte tilsyn på natt ved behov. Vedkomande syntest ikkje desse alternativa var gode nok.

Det ville uansett heile tida bli gjort vurderingar av kva som ville vere fagleg forsvarleg i forhold til heimesituasjonen ved heimsending.

I påvente av Fylkesmannen si handsaming av klagesaka har vedkomande fått utvida det tidsavgrensa opphaldet.