1.000 billettar blei seld på rekordtid og no har arrangørane av Trebaatfestivalen blitt nødt til å legge ut fleire billettar for sal.

- Førehandsalet av billettar er eigentleg utseld to gonger, og vi har rigga om like mange gonger for å kunne ta imot dei mange som vil oppleve Rotlaus, Faculty of Funk og Trebaatfestivalen, fortel festivalsjef Line Urke i ei pressemelding.

Ho er henrykt over tidenes billettsal i samband med Trebaatfestivalen.

- Vi har aldri vore i nærleiken  av dette talet på førehandssal tidlegare. Vi berre gler oss, men veit at vi tek på oss auka kostnader og mykje meir arbeid for å kunne ta i mot så mange publikummarar. Men det er jo slike dagar vi drøymer om når vi år etter år lagar festival.

Årets festival blir arrangert 23.-26. august.