Dei unge karane frå Gursken dreiv med kjøp og sal på nettet, men bestemte seg raskt for å prøve å byggje opp eit firma. 28. februar i år stifta dei StayCheap etter mykje førehandsarbeid. Prosessen gjekk sakte i starten, med dei seier sjølv at det kom seg etter kvart.

– Det var mykje papirarbeid som skulle ordnast. Då vi starta StayCheap, byrja vi å spare til aksjekapital, og vi fekk også trademarka logoen.

Likar tekniske ting

Dei to unge karane har for tida heimekontor i Gursken, men har tankar om å leige lokale om dette er noko som løner seg framover. Til dagleg jobbar Kent-Robert som lærling på fiskebåt som motormann, og Adrian går på maritime linje på Herøy vidaregåande skule. Gutane fortel at dei likar tekniske ting, og at dette speglar igjen i nettbutikken.

– Der er mange spanande produkt og «duppedittar» å få. Det vi sel no er mobildeksel som er laga av aramid fiber, som vert mykje brukt i superbilar og skotsikre vestar, med innebygde metallplater som gjer det mogleg å feste dei til magnetar. I tillegg sel vi lommebøker som er laga av karbonfiber, som er eit utruleg sterkt materiale. Det er bestseljaren vår hittil.

Dei fortel at produkta vert leverte av eit amerikansk firma som heiter Pitaka.

– Vi er dei einaste som har avtale på å kunne selje produkta deira i Noreg, og det er vi litt stolte av.

Gutane satsar også på miljøvennlege produkt.

– Lighteren vi sel er ikkje som alle andre. Den er elektronisk, som gjer det miljøvennleg, og er bestandig mot vind. Den kan ladast med mikro-USB-kabel og har eit unikt design, seier gutane som har framtidsplanane klare.

– Vi har ikkje så mange produkt enda, men det kjem fleire med tida og når økonomien tillet det. Vi skal ta inn fleire produkt frå Pikata etter kvar. Vi satsar på kvalitetsprodukt, så vi må vere sikre på produkta før vi tek dei inn. Framtidsplanane for nettbutikken er å vekse og bli større, og å bli meir kjend i heile Noreg.

Vil jobbe seg oppover

Kent-Robert og Adrian fortel at dei jobbar seg sakte men sikkert oppover.

– Vi prøver å skaffe litt meir kapital, slik at vi kan ta inn eit større parti med varer og fleire typar produkt enn det vi har i dag. Vi skal ta inn eit nytt produkt som heiter MagMount Pro, som er ein ladestasjon til bilen din. Denne er magnetisk, som gjer den kompatibel med deksla vi sel. Vi har også store planar om å ta inn fleire varer når salet vert enda betre.

Stadig fleire handlar på nett, og gutane vil nytte seg av den trenden.

– Vi tek dette seriøst, og prøver å byggje opp firmaet til å verte ein anerkjent nettbutikk med kvalitetsvarer. Vi var eigenleg ikkje inspirerte av nokon til å starte bedrifta. Dette var ein idé som vi sjølve kom på, så vi vart vel inspirerte av oss sjølve. Dette var noko vi hadde lyst til å få til.