Søndag 29. juli kl. 19.45 observerte Johan Moltu enda eit tilfelle av grisekøyring då han var ute på ein saktegåande kveldstur med Aquila for å vise fram fjellet og fuglane.

Igjen kjem det ein RIB forbi i alvorleg høg fart, og køyrde nesten ned fuglane. Nokon av passasjerane fanga hendinga med fotoapparatet sitt.

– Det er heilt ubegripeleg at dei held på slik her, seier ein fortvilt Johan Moltu i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Vi har ikkje lukkast med å få tak i bileta knytt til denne hendinga.

– Folk er håplause.

Fugleekspert og fotograf Ingar Støyle Bringsvor har meldt RIB-hendinga knytt til 62 grader nord, som Vestlandsnytt skreiv om 2. juli, til politiet, og kjem til å gjere det same denne gongen. Det er ikkje 62 grader nord som er involvert i hendinga som tok plass 29. juli.

– Denne hendinga vert meldt på lik linje som fyrste saka. Same kva sluttresultatet er, er det viktig å belyse sakene slik at terskelen for å gjere slikt igjen vert høgare, seier Bringsvor.

Han nemnar at det har vorte mykje forstyrringar frå RIB-ar og vannscooterar i det siste, og at han også kjem til å melde ei hending som skjedde 19. juli, der to vannscooterar rasa rett forbi nedanfor Rundebranden.

– Dei køyrde enda nærare fjellet enn RIB-en til 62 grader nord gjorde. Der er ei enorm fare for å køyre på og drepe fuglane. Det er igjen om lag 30% av den opphavlege bestanden til lundefuglen. Når ein art er så truga, og det er så mykje forstyrringar i området, må påtalemyndigheitene snart få fingeren ut og straffe dei som straffast bør.

Bringsvor fortel at 62 grader nord har teken seg sjølv i nakken etter sist hending. Han har observert at RIB-ane frå selskapet har slakka ned og nærast slått av motorane når dei ferdast nedanfor fjellet, men at dette ikkje hjelp noko særleg sidan RIB-ar frå andre selskap ikkje gjer det same.

– Området på land er freda område, men på sjøen er det fuglelivfredingsområde, noko som er litt meir vagt, seier Bringsvor og legg til:

– Fuglane treng beskyttelse på hekkeplassen, så enkelt er det. Det er ikkje vanskelegare enn å berre slakke ned på gassen når ein køyrer forbi fjellet. Ein køyrer ikkje 100 km/t med bil på land der det går menneske, så kvifor skal ein gjere det på sjøen der fuglane er? Slik oppførsel høyrer ikkje heime nokon plass. Livet til fuglane er like mykje verdt som menneskeliv, slår han fast.