«Stod landtroll i Ukraina utan pengar og pass»:

Nifs hacking-oppleving

Kva har han no rota seg borti? Det var tanken som slo ein av dei mange som fredag morgon fekk epost frå Arnljot Muren med bøn om pengehjelp.

HACKING: Ikkje før det var for seint, gjekk det opp for Arnljot Muren at han var utsett for hacking. Då var epostregisteret hans kopiert og brukt til utsending av ei mengd falske epostar med bøn og økonomisk hjelp.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Eg tenkjer nok dei fleste forstod at her måtte det vere noko gale, smiler Muren etter ein travel føremiddag med telefonar frå folk over heile landet.