Då partane møttest i Søre Sunnmøre tingrett la Protector Forsikring As ned påstand om at erstatninga måtte avkortast i si heiltheit. Grunngivinga for denne påstanden var at mannen, forsetteleg eller ved aktøyse, sjølv skulle ha medverka til skaden.

Aktlaust, men ikkje bevisst

Slik retten ser det har forsikringsselskapet ikkje greidd å sannsynleggjere at mannen «med vilje» har medverka til skaden, og at erstatningsansvaret difor må falle bort. Retten finn det like sannsynleg at mannen forvilla seg ut i vegen som følgje av beruselse.

Til forsikringsselskapet sin fordel konkluderer retten med at mannen ikkje opptrådde aktsamt då han mørkkledd, og utan refleks, oppheldt seg i vegbana den tidlege desembermorgonen i 2015. I følgje bilansvarslova skal retten ta ei avveging av forholda både på skadelidne og skadevaldar i side.

Her blir konklusjonen at den skadde i stor grad må reknast å ha skuld i at skaden skjedde. Retten finn likevel ikkje at handlemåten vart bevisst aktlaus, men heller som eit utslag av tankeløyse.

Når det gjeld forholda på skadevaldaren si side, viser retten til at lastebilen hadde ei fart på over 80 km/t like før ulukka inntraffpå strekninga der fartsgrensa er 60 km/t. I tillegg var det dårleg sikt og nedbør.

På det grunnlaget finn retten at også bilføraren kan bebreidast og at dette må tilleggast vekt i spørsmålet og erstatningsavgrensing. Bilføraren køyrde i tillegg bort frå ulukkesstaden utan å stanse, noko som vart ei ekstra belasting for den påkøyrde.

I slike saker skal retten også legge vekt på omfanget av skaden og kva konsekvensar skaden har for den skadelidne. Som følgje av ulukka har mannen fått endra livsvilkåra sine totalt då han er pleietrengande 24 timar i døgnet.

25 prosent avkorting

Etter samla vurdering har retten gjort ei avkorting i erstaninga på 25 prosent.

Saksøkjaren har dermed vunne saka, og får tilkjend sakskostnader med 251.000 kroner.