– Eg har drygd litt med å gje ei oppdatering rundt situasjonen for familien til Tesfamariam, ettersom vi hadde håpa på å kome med positivt nytt.

Slik byrjar Facebook-oppdateringa til Haanes. Han skriv vidare at dei var optimistiske tysdag 31. august på å endeleg få eit positivt gjennombrot, sidan dei hadde fått indikasjonar på at kona Eritrea (45) og borna Erdi (18), Simon (16) og Finot (4) ville verte sett fri frå fengselet Adi Abieto.

– Men slik gjekk det ikkje. Litt av problema har rett og slett vore å få fengselsdirektøren i tale og få signert dokumenta om lauslating. Det har heller ikkje gjort det lettare at det no har kome ein ny direktør, etter at den førre sjølv skal vere fengsla.

Siste oppdateringa er at den nye direktøren først vil vere å treffast om 15 dagar.

– Det har vorte diskutert alternativ til å vente desse dagane, men så langt er det planen, skriv Haanes.

Mange er framleis sjuke

Det er framleis svært dårlege hygieniske og ernæringsmessige forhold i fengselet, der det er svært mange fangar stua saman i store hallar, inkludert born.

– Mange er sjuke, og fleire skal ha døydd dei siste vekene.

På den positive sida besøkjer tanta til Tesfamariam fengselet kvar dag, og kjem då med ekstra mat.

– Tesfamariam sine tre andre born, Temesgem (8), Mussie (10) og Lulia (4) har det bra, etter å ha vorte sett fri for ein månad sidan. Dei bur hos tanta i Asmara.

Haanes avsluttar innlegget med å takke alle som bryr seg om denne saka, og retta ein ekstra stor takk til dei 420 menneska som har støtta innsamlingsaksjonen for å få sett fri familien.

– Vi gir ikkje opp.