I nesten halvtanna år gjekk Jensholmen nord og venta på å få avklara spørsmålet om RDA-tilskotet som næringskomiteen i Herøy kommune hadde gjort vedtak om at småbåtlaget skulle få.

Etter at pengane no har begynt å kome inn på småbåtlaget sin konto, nærmar det seg utlegging av den flytande moloen i båthamna. 1,5 million utgjer tre firdelar av det totale tilskotet, medan resten skal betalast etter rekneskap.

– Moloen er under produksjon og dei fyrste hundre metrane skal vere klare til ut- legging i løpet av august.

Det seier Kåre Jensholm etter å ha fått avklara ein disputt med entreprenør Aurvoll og Furesund rundt det økonomiske oppgjeret for den faste moloen som den flytande moloen skal festast i. Den faste moloen har Jensholm fått bygd i eigen regi. Så seint som før helga ville ikkje entreprenøren tillate utlegging.

Dagleg leiar Eivind Berge i Aurvoll og Furesund stadfestar at alt no har ordna seg, og at den flytande moloen berre kan leggast ut for deira del.