Herøykvinne fekk 12.000 kroner i fartsbot

Ei herøykvinne i 40-åra må greie seg utan førarkort i ni månader etter å ha halde for høg fart under ein køyretur i sommar.

Illustrasjon  Foto: Arkivfoto

Nyhende

I Søre Sunnmøre tingrett vedtok kvinna å ha køyrt med ei hastigheit på 89 km/t på ei strekning der fartsgrensa er 50 km/t. Kvinna samtykte i avgjerd tilståingsdom, og retten kom til at fengsel i 18 dagar ville vere ein høveleg reaksjon. Fullbyrding av straffa blir utsett med ei prøvetid på to år.